Nær o-løp nr. 8 på Ullsheim
Postet av Kristin Hatledal den 24. aug 2026
Markane IL arrangerer nær o-løp på Ullsheim, torsdag 27. august. Start frå 17.30.
Løypeleggjar er Per Øen.
Info frå løypeleggaren
-Kartet er teikna etter sprintnormen i målestokk 1:4000.
-Ekvidistansen (høgdeforskjell mellom kurvane) er 2 m mot 5 m på vanlege o-kart, så det kan sjå brattare ut enn det er.
-Lysmaster, frittståande større tre, korger for frisbee-golf, og platformer for utkast, er teikna inn på kartet. Likeeins dei etter kvart tydelege stiane.
-Teiknforklaring enten på framsida eller baksida av kartet
-Mange postar så sjekk kodane! Stol på deg sjølv!
-Lette løyper både fysisk og o-teknisk, men (forhåpentlegvis) litt vegvalg. Ser vi 8-talet når det gjeld kilometertid?
Løyper (løyepelengdene er førebelse):
A-lang - 5,1 km: Erfaren. Passar alle som har ein del og god erfaring med orientering.
A-kort - 3,6 km: Erfaren. Passar alle som har ein del og god erfaring med orientering.
B-løype - 3,0 km: Erfaren. Passar alle som har ein del erfaring med orientering.
C-løype - 2,2 km: Avansert nybyrjar. Passar alle som har litt erfaring med orientering og beherskar nybyrjarløyper.
N-løype - 1,7 km: Nybyrjar - veldig lett. Passar alle som er nye i orientering.
NB!Det kan vere andre aktivitetar på Ullsheim denne kvelden (rulleski, skyting, frisbee-golf) så ver observant.
Påmelding:
Vi ønskjer at flest mogeleg melder seg på før løpet. Ein melder seg på i eventor her. Du kan registrere både deg sjølv og barna ved å opprette ein brukar. Om du ikkje får det til så er det sjølvsagt mogeleg å melde seg på ved start også.
Pris:
30 kr for barn t.o.m. 15 år
50 kr for vaksne (over 16 år)
Vipps til #641339
Vi har elektroniske brikker til utlån for dei som ikkje har sjølv. Du vel sjølv om du vil bli tatt tid på eller ikkje.
I år arrangerer Markane IL og Veten IL ti nær o-løp ilag, og det blir ein fin premie på slutten av sesongen for dei frå Markane IL som deltek på fem orienteringsløp eller meir.
Dersom du vil vite meir om kva som skjer denne o-sesongen kan du følgje O-Nordfjord på facebook for meir informasjon.
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Kristin Hatledal
Lagsmeisterskap i orientering
19.08.2026
Nær o-løp nr. 6 ved Svingeset
08.08.2026
Tur-orientering 2026
28.06.2026
Nær o-løp nr. 5 ved Tonningsetra
14.06.2026