O-trolleir og ungdomssamling på Ullsheim
Postet av Kristin Hatledal den 18. Mai 2025
Markane IL, Veten IL og Sogn og Fjordane orienteringskrins inviterer til o-trollleir og krinssamling (ungdomssamling) på Ullsheim skistadion laurdag 31. mai - søndag 1. juni.
O-troll leir er frå barn 7 år (2. klasse) til 12 år. Ungdomssamlinga er frå 13 år til 25 år.
Frammøtetidspunkt: kl. 15.30 (etter krinsmeisterskapet)
Deltakarane blir delt i grupper etter alder og erfaring, Vi ønskjer at vaksne er med dei yngste deltakarane.
Det blir orienteringsaktivitetar, leikar, middag, sosialt samvær og overnatting (for dei som ønskjer det)
Påmeldingsfrist: Måndag 26. mai kl. 20.00
Hugs å ta med:
Treningskle og konkurransekle, EMIT-brikke (om de har), kompass, regnkle og støvlar (tilpassa vêret), kortstokk eller andre spel, handkle og toalettsaker, sovepose eller sengekle og laken. Ta også med mat og drikke til å ete etter løpet laurdag.
Dette blir kjempekjekt! Bli med!
Les meir om o-trolleiren her: https://eventor.orientering.no/Events/Show/21175
Les meir om ungdomssamlinga her: https://eventor.orientering.no/Events/Show/21176
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Kristin Hatledal

Krinsløp jaktstart på Langeset, Markane
18.05.2025

Resultatliste nær o-løp nr. 2
16.05.2025

Nær o-løp nr. 2 på Visnes
12.05.2025

Orienteringssesongen 2025
24.04.2025

Sesongstart i orientering
16.04.2025