Sesongstart og nær o-løp nr. 1 på Visnes

Postet av Kristin Hatledal den 21. Apr 2026

Sesongstart og nær o-løp nr. 1 blir på Visnes torsdag 23. april. Start frå kl. 17.30. Møteplass blir på leikeplassen på Visnes. Dette nær o-løpet er ein sprint og mykje av o-løpet er i byggefelt/gater og litt i terreng. Løypeleggar er Henning Heimlid.

Det blir også orienteringsleikar ved Marita Sætren Bøe og Mette Fossen Svidal. 

Det kan vere lurt å samkøyre eller parkere nede ved området ved riksvegen pga avgrensa med parkeringsplassar oppe ved leikeplassen. 

Velkomen til alle som har lyst å prøve litt orientering!


Løyper:

AB-lang: 2,7 km. Erfaren. Passar alle som har ein del og god erfaring med orientering.

AB-kort: 2,1 km. Erfaren. Passar alle som har ein del og god erfaring med orientering.

C-løype: 1,6 km. Avansert nybyrjar. Passar alle som har litt erfaring med orientering og beherskar nybyrjarløyper.

N-løype: 1,2 km.  Nybyrjar - veldig lett. Passar alle som er nye i orientering.


Påmelding:

Vi ønskjer at flest mogeleg melder seg på før løpet. Ein melder seg på i eventor her. Du kan registrere både deg sjølv og barna ved å opprette ein brukar. Om du ikkje får det til så er det sjølvsagt mogeleg å melde seg på ved start også. 


Pris:
30 kr for barn t.o.m. 15 år
50 kr for vaksne (over 16 år)
Vipps til #641339

Vi har elektroniske brikker til utlån for dei som ikkje har sjølv. Du vel sjølv om du vil bli tatt tid på eller ikkje.

I år arrangerer Markane IL og Veten IL ti nær o-løp ilag, og det blir ein fin premie på slutten av sesongen for dei frå Markane IL som deltek på fem orienteringsløp eller meir.

Dersom du vil vite meir om kva som skjer denne o-sesongen kan du følgje O-Nordfjord på facebook for meir informasjon.



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.