Nær o-løp og verdens o-dag, 2. mai

Postet av Kristin Hatledal den 30. Apr 2024

Torsdag 2. mai blir det første nær o-løpet for sesongen arrangert. Det blir også markering av verdens o-dag. Oppmøte blir ved speidarhytta ved Stryn stadion. Ein kan starte mellom kl. 17.30 - 18.30 (19.00 i kortare løyper). 


Løyper nær o-løp:

N-løype ca.1,5 km: Nybyrjar - veldig lett. Passar alle som er nye i orientering. 

C-løype ca. 2,3 km: Nokså lett. Passar alle som har litt erfaring med orientering og beherskar nybyrjarløyper.

A-kort ca. 3 km: Erfaren. Passar alle som har god erfaring med orientering.

A-lang ca. 4 km: Erfaren. Passar alle som har god erfaring med orientering, 


Pris:

20 kr for barn

40 kr for vaksne (over 16 år)


Vi har elektroniske brikker til utlån for dei som ikkje har sjølv.


I år arrangerer Markane IL og Veten IL ti nær o-løp ilag, og det blir ein fin premie på slutten av sesongen for dei frå Markane IL som deltek på fem nær o-løp eller meir.


Dersom du vil vite meir om kva som skjer denne o-sesongen kan du følgje O-Nordfjord på facebook for meir informasjon. 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.