Nær o-løp og verdens o-dag, 2. mai
Postet av Kristin Hatledal den 30. Apr 2024
Torsdag 2. mai blir det første nær o-løpet for sesongen arrangert. Det blir også markering av verdens o-dag. Oppmøte blir ved speidarhytta ved Stryn stadion. Ein kan starte mellom kl. 17.30 - 18.30 (19.00 i kortare løyper).
Løyper nær o-løp:
N-løype ca.1,5 km: Nybyrjar - veldig lett. Passar alle som er nye i orientering.
C-løype ca. 2,3 km: Nokså lett. Passar alle som har litt erfaring med orientering og beherskar nybyrjarløyper.
A-kort ca. 3 km: Erfaren. Passar alle som har god erfaring med orientering.
A-lang ca. 4 km: Erfaren. Passar alle som har god erfaring med orientering,
Pris:
20 kr for barn
40 kr for vaksne (over 16 år)
Vi har elektroniske brikker til utlån for dei som ikkje har sjølv.
I år arrangerer Markane IL og Veten IL ti nær o-løp ilag, og det blir ein fin premie på slutten av sesongen for dei frå Markane IL som deltek på fem nær o-løp eller meir.
Dersom du vil vite meir om kva som skjer denne o-sesongen kan du følgje O-Nordfjord på facebook for meir informasjon.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Kristin Hatledal
Nær o-løp, torsdag 23. mai, på Ullsheim
20.05.2024
Orienteringssesongen 2024
30.04.2024
Sesongstart orientering 25. april, kl. 17.30
19.04.2024
Skileik Ullsheim
07.01.2024
Nattorienteringsløp torsdag 28. september
24.09.2023