Orienteringssesongen 2024

Postet av Kristin Hatledal den 30. Apr 2024

Orienteringssesongen har starta oppatt, og det er mange fine aktivitetar å sjå fram til utover våren og seinsommar/haust. Har du ikkje prøvd endå, så er du hjarteleg velkomen til å møte opp og prøve. 

Orienteringsgruppa i Markane IL har eit godt samarbeid med orienteringsgruppa i Veten IL, og vi har saman sett opp ei terminliste for nær o-løpa i Indre Nordfjord sesongen 2024. Det er ikkje sett opp oppmøtestad, men vi vil legge ut meir informasjon om dei ulike arrangementa når dei nærmar seg. 

Det vil nok bli sett opp nokre treningar for nybyrjarar og o-tekniske treningar for dei meir erfarne. Dette vil det også komme meir informasjon om. Turorientering vil det bli etterkvart. Vi oppmodar også om å reise utanom Nordfjord på løp og gjerne fellesturar. Følg med på o-nordfjord på facebook for meir informasjon om o-sesongen 2024. 


Orientering vår og haust 2024

 

Dato           Aktivitet                                             Stad

2. mai          Nær o-løp                                          Stryn sentrum v. speidarhytta

16.mai         Nær o-løp                                          Veten

23.mai         Nær o-løp                                          Markane

6.juni           Nær o-løp                                           Veten

15.-16.juni   KM-helg og orienteringsleir                Veten og Markane

20. juni        Nær o-løp                                           Markane

 

Sommarferie

 

15.august      Nær o-løp                                          Markane

22.august      Nær o-løp                                          Veten

29. august    Nær o-løp                                           Veten

5.sept           Nær o-løp                                           Markane

19. sept.       Nær o-løp                                           Veten


Praktisk informasjon:

  • Fri start mellom kl. 17.30 – 18.30 (19.00 i kortare løyper).
  • Fin premie på slutten av sesongen til dei som teltek på 5 løp eller meir. 
  • Oftast fire løyper å velge mellom
    1. Nybyrjar ca 1,5 km
    2. C-løye (litt øvd) ca 2,5 km
    3. A-kort (øvd) ca 3 km
    4. A-lang (øvd) ca 4 - 5 km
  • Du vel sjølv om du vil bli tatt tid på eller ikkje
  • Elektroniske tidtakerbrikker har vi til utlån
  • Pris per nær o-løp
    1. 20 kr for barn til og med 15 år
    2. 40 kr frå 16 år og oppover
  • Krinsløp/KM/o-troll-leir og løp utanfor krinsen. Ta kontakt med Anne Marie Svarstad dersom du er interessert. 
  • Følg O-Nordfjord på facebook for meir informasjon.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.