Orienteringssesongen 2025

Postet av Kristin Hatledal den 24. Apr 2025

Orienteringssesongen startar torsdag 24. april kl. 18 på leikeplassen på Visnes. Då blir det mogeleg å prøve nybyrjarløype, sprintløype og kjekke orienteringsleikar. Det er heller ikkje lenge til første nær o-løp. Det blir på Roset torsdag 8. mai, så følgjer det slag i slag med nær o-løp på dei fleste torsdagar før sommarferien. Ei fullstendig liste over nær o-løpa i sesongen 2025 kjem under. Det er ikkje bestemt samlingsplass på alle o-løpa endå, men det vil komme nærare beskjed om på heimesida til Markane IL. Følg også o-nordfjord på facebook for meir informasjon om nær o-løpa i Veten og Markane. 

Den 31. mai – 1. juni skal idrettslaga Markane og Veten arrangere kvart sitt krinsløp i orientering, og o-leir og ungdomssamling for barn og unge. Her blir det mogeleg å vere med på både gode o-løp og fine aktivitetar på samling. Det er også veldig sosialt, og fokus på å lære og leike. Det er mogeleg å vere med på o-leir frå 2. klasse. Krinsløpa er også som dei vanlege nær o-løpa lagt opp med tanke på alle aldrar og nivå. Så her kan ein springe for å vinne eller gå saman som ein familie, eller utfordre seg på ulike nivå. Dette håpar vi mange vil vere med på.

Det vil også snart bli lagt ut turorienteringspostar. Når dei er klare vil vi gje beskjed om dette på heimeside og facebook. Vi oppmodar også om å reise utanom Nordfjord på løp og gjerne fellesturar. 


Dato

Arrangement

Stad

24. april

Sesongstart

Visnes

8. mai

Nær o-løp

Veten

15. mai

Nær o-løp

Markane

22. mai

Nær o-løp – Verdens o-dag

Veten

31. mai – 1. juni

Krinsløp og o-leir

Markane og Veten

5. juni

Nær o-løp

Markane

12. juni

Trening

Meir informasjon kjem

19. juni

Nær o-løp

Veten

SOMMARFERIE

14. august

Nær o-løp

Markane

21. august

Nær o-løp

Markane

4. september

Nær o-løp

Veten

18. september

Nær o-løp – natt o-løp

Veten


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.