Orienteringssesongen 2026
Postet av Kristin Hatledal den 20. Apr 2026
Orienteringssesongen 2026 byr på kjekke arrangement og mange gode naturopplevingar. Markane IL og IL Veten ønskjer både nye og erfarne orienterarar hjarteleg velkomne med på laget!
Nær‑o‑løp – orientering for alle
Nær‑o‑løpa er ryggrada i orienteringssesongen vår. Dette er lågterskel trenings- og mosjonsløp der alle er velkomne, enten du prøver orientering for aller første gong, kjem saman med familien, eller har lang erfaring i skogen.
- Starttid: kl. 17.30
- Løyper: Frå N‑løype for nybyrjarar til A‑løype for dei meir erfarne
- Du kan ta løpet i eige tempo – spring, jogg eller gå
Datoar for Nær‑o‑løp 2026:
- 23. april – Markane IL. Oppmøte: Visnes
- 7. mai – IL Veten
- 21. mai – Markane IL – Verdas orienteringsdag. Oppmøte: Hydla?
- 4. juni – IL Veten
- 18. juni – Markane IL. Oppmøte: Tverrfjellet?
SOMMARFERIE
- 13. august – Markane IL. Oppmøte: Svingeset?
- 20. august – IL Veten – lagsmeisterskap for Markane IL og IL Veten
- 27. august – Markane IL. Oppmøte: Ullsheim?
- 10. september – IL Veten
- 24. september – IL Veten - nattorientering
N.B. Oppmøtestadar er ikkje heilt spikra endå. Vi lagar eigne arrangement når det nærmar seg.
Her kan du stille opp rett etter jobb eller skule, få lånt kart og brikke, og bli møtt av eit inkluderande og trygt miljø.
Store arrangement i 2026
Markane IL og IL Veten står også som arrangørar for viktige løp i krinsen denne sesongen:
- Laurdag 13. juni: Krinsløp langdistanse, arrangert av IL Veten
- Søndag 14. juni: KM sprint, arrangert av Markane IL
- 12.–14. juni: O‑leir på Vangen, ei sosial og lærerik helg med trening, leik og felleskap
Desse arrangementa gir både lokale løparar og tilreisande høve til å oppleve orientering på sitt beste.
Turorientering – når det passar deg
Også i 2026 tilbyr vi turorientering. Postane blir lagde ut når sommaren nærmar seg, og vil liggje ute heilt fram til oktober. Dette er eit populært tilbod for familiar, venegjengar og turgåarar som vil kombinere trim, kartlesing og fine naturopplevingar – heilt utan tidtaking.
Bli med du òg!
Møt opp på eit Nær‑o‑løp kl. 17.30, prøv turorientering, eller ta kontakt om du er nysgjerrig og vil vite meir.
Vi lovar god stemning, varierte løyper og ei varm velkomst – uansett nivå.
Vi gler oss til ein aktiv og sosial orienteringssesong i 2026!

Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Kristin Hatledal
Sesongstart og nær o-løp nr. 1 på Visnes
21.04.2026
Nær o-løp nr. 6 på Tonningssætra
11.08.2025
O-drakter Markane IL
16.06.2025
Turorientering 2025
14.06.2025