NM-gull til Maren Hjelmeset Kirkeeide!

Lagt ut av Antonia Karete Haugen Kongsvik den 24. Mar 2023

Maren Hjelmeset Kirkeeide sikra seg gull på NM-sprinten i Alta. (Foto: Nordfjord Team Tussa)


Med feilfri skyting og høg fart i løypa, var det ein fantastisk NM-siger til Maren Hjelmeset Kirkeeide. Ho gjekk inn til tida 22.47,1 og var med det 7,8 sekund føre Ingrid Landmark Tandrevold som tok sølv. Også Ingrid skaut fullt på dei to skyteseriane. Bronsen gjekk til Karoline Knotten, også ho skaut fullt hus, men ho var 9,1 sekund bak Maren i mål.

På sisterunden gjekk Maren nesten 12 sekund raskare enn Tandrevold og  rundt 20 sekund raskare enn Knotten. På fjerdeplass kom nok ein landslagsløpar, Ida Lien.

Andre lokale plasseringar:

Gunn Kristi Stensaker Tvinnereim, Hardbagg/Team Woodcon, 31. plass. 

Ann Kristin Aaland, Hardbagg/Stryn vgs vart nummer 42 (0+1),

Eline Mathea Myren, Valldal/Stryn vgs, nummer 50 (1+0)

Elida Fuglem, Valldal/Stryn vgs, nummer 65 (1+4).

.Vi gratulerer Maren med NM-gullet!


Kommentarar

Logg inn for å skrive en kommentar.