Resultat frå Postvegløpet 2023
Postet av Antonia Karete Haugen Kongsvik den 7. Jun 2023
Postvegløpet 2023 vart arrangert onsdag 7.juni. Det stilte opp 41 deltakarar i konkurranseklassa og 40 deltakarar i trimklassa. Vinnar av årets løp vart i herreklassen Martin Aaland frå Hardbagg på 24 min 28 som var 4 sekund føre Rasmus Endre Bø frå Markane IL . I dameklassen gjekk sigeren til Sigrid Hjelle frå Hamna Aktivitet og Helse. med tida 27 min 13 sek. Ann Kristin Aaland frå Hardbagg IL følgde på andreplass med 27 min 39 sekund.
Fullstendige resultatlister:
Resultatliste frå Postvegløpet 07.06.2023 (konkurranseklasse)
Deltakarar i trimklassa på Postvegløpet 07.06.2023
Etter løpet var det fine premiar både i konkurranseklassane og som uttrekkspremiar blant alle deltakarane. Hovudpremien var i år gitt av Blink Hus Stryn. Også Lenes Blomster og Sport 1 gav premiar til løpet. Liste over uttrekkspremiar finn du nedanfor
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Antonia Karete Haugen Kongsvik
Innbyding til Postvegløpet onsdag 7.juni
26.05.2023
NM-gull til Maren Hjelmeset Kirkeeide!
24.03.2023
Vann IBU-cupen i supersprint samanlagt!
27.02.2023