Turorientering 2023
Lagt ut av Kristin Hatledal den 26. Jun 2023
IL Veten og Markane IL held fram med samarbeidet og tilbyr også i 2023 turorientering i indre Nordfjord. Etter eit par år med postar på fjellkart er alle postane i år på orienteringskart. Postane er fordelt på tre områder; Tonningskamben, nært Stryn Senttrum, Tverrfjellet i området vestover frå Stryn Vinterski og Nordsida frå Blaksæt til Fjelli. Vi håpar dette skal gje varierte turar og terreng og at det motiverer både små og store til turar i skog og fjell.
For å vere med kan ein gå til turorientering.no og søkje på arrangør Markane og Veten. Ein kan då kjøpe tilgang til kart og registrering. For å få tilgang til alle tre pakkane kostar det 200 kr. Det er Henning Heimlid og Anders Bergset som har lagt postane.
Om dei ulike turane:
Tverrfjellet
Tverrfjellet er ope myrterreng med litt bjørkeskog og furuskog. Øverst ligg postane i høgfjellsterreng. 8 postar med variert vanskegrad. Området er mykje brukt turterreng sommar og vinter. Barkeløypene til Turløyper Stryn AS slynger seg gjennom terreng og er fine tilkomstvegar til postane.
Nordsida
8 postar i variert terreng på Nordsida. Postane som ligg høgast i terrenget ligg over skoggrensa og gir fantastisk utsikt over Indre Nordfjord. Ned i skogen er det varierande furuskog og opne myrar, med litt granskog nokre stader. Mykje gode stiar og vegar.
Tonningskamben
Turorientering nært Stryn sentrum. Tonningskamen er eit stifylt turterreng rett ved bustadområdet nord for Stryn sentrum. Stort sett open furuskog med fine stiar å bruke mellom postane. 8 postar ute i terrenget gir molegheit å sanke 50 poeng.
Kommentarar
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste frå Kristin Hatledal

Nattorienteringsløp torsdag 28. september
24.09.2023

Lagsmeisterskap og nær o-løp i orientering
30.08.2023
Resultat frå nær o-løp Dalane
18.08.2023

Nær o-løp nr. 7 i Dalane
12.08.2023