Nær o-løp nr. 7 i Dalane

Postet av Kristin Hatledal den 12. Aug 2023

Torsdag 17. august blir nær-orienteringsløp nummer sju arrangert i Dalane i Nord-Markane.

Det blir merka mot Nord-Markane frå RV15 ved ungdomshuset «Skogstjerna»

Parkering: Rigg-plassen for rørgata (opp til høgre rett etter brua), eller ved sekundærstasjonen (rett rundt svingen, stor gulbrun murbygning) sjå kart N-og C-løyper.

Start: Kl. 17.30-18.45


Løyper nær o-løp:

N-løype:  1.1 km. Nybyrjar - veldig lett. Passar alle som er nye i orientering. 

C-løype:  2,2 km. Nokså lett. Passar alle som har litt erfaring med orientering og beherskar nybyrjarløyper.

A-kort: . 3.2 km. Erfaren. Passar alle som har god erfaring med orientering.

A-lang: ca. 4,4 km. Erfaren. Passar alle som har god erfaring med orientering, 

(N- og C-løyper vert lagde ut her, syner start/mål for alle)


Spesielle ting å hugse på:

  • Køyr forsiktig innafor området skilta med o-løp (både når de kjem og fær)
  • Stiar og vegetasjon kan ha endra seg sidan kartet var laga.
  • Ein del gjerde i løpsområdet, mykje av det til nedfalls. Vi har klassifisert ned noko, men kanskje ikkje alt.
  • På dette løpet er det lov å springe på dyrkamark.


Pris:

20 kr for barn t.o.m. 15 år

40 kr for vaksne (over 16 år)

Vipps til #641339


Vi har elektroniske brikker til utlån for dei som ikkje har sjølv. Du vel sjølv om du vil bli tatt tid på eller ikkje. 


I år arrangerer Markane IL og Veten IL åtte nær o-løp ilag, og det blir ein fin premie på slutten av sesongen for dei frå Markane IL som deltek på fem orienteringsløp eller meir. 


Dersom du vil vite meir om kva som skjer denne o-sesongen kan du følgje O-Nordfjord på facebook for meir informasjon.

.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.