O-troll leir og ungdomssamling i Stryn, 15-16. juni
Postet av Kristin Hatledal den 3. Jun 2024
Markane IL, Veten IL og Sogn og Fjordane orienteringskrins inviterer til o-troll leir og krinssamling (ungdomssamling) på Nordfjord fritidssenter (Vangen) laurdag 15. juni til søndag 16. juni.
O-troll leir er frå barn 7 år (2. klasse) til 12 år. Ungdomssamlinga er frå 13 år til 25 år.
Frammøtetidspunkt: kl. 15.30 (etter krinsmeisterskapet)
Deltakarane blir delt i grupper etter alder og erfaring, Vi ønskjer at vaksne er med dei yngste deltakarane.
Det blir orienteringsaktivitetar, leikar, middag, sosialt samvær og overnatting (for dei som ønskjer det)
Hugs å ta med:
Treningskle og konkurransekle, EMIT-brikke (om de har), kompass, regnkle og støvlar (tilpassa vêret), kortstokk eller andre spel, handkle og toalettsaker, sovepose eller sengekle og laken. Ta også med mat og drikke til å ete etter løpet laurdag.
Dette blir kjempekjekt! Bli med!
Les meir og meld dykk på o-troll leir her.
Les meir og meld dykk på krinssamling her.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Kristin Hatledal
![Turorientering 2024](https://cdn-bloc.no/froala/200000195/1397/2024/7/21/img-0594.jpg?autorotate=true?autorotate=true&width=100&height=100&mode=pad&scale=both&anchor=center)
Turorientering 2024
21.07.2024
![Resultatliste nær o-løp nr. 5](https://cdn-bloc.no/froala/200000195/1397/2024/6/24/orienteering-152206-640.png?autorotate=true?autorotate=true&width=100&height=100&mode=pad&scale=both&anchor=center)
Resultatliste nær o-løp nr. 5
24.06.2024
Nær o-løp på Hydla
18.06.2024
![KM mellomdistanse Stryn, laurdag 15. juni](https://cdn-bloc.no/froala/200000195/1397/2024/6/3/compass-940370-1280.jpg?autorotate=true?autorotate=true&width=100&height=100&mode=pad&scale=both&anchor=center)
KM mellomdistanse Stryn, laurdag 15. juni
03.06.2024