O-troll leir og krinssamling på Nordfjord fritidssenter, 3.-4. juni
Postet av Kristin Hatledal den 24. mai 2023
Markane IL, Veten IL og Sogn og Fjordane orienteringskrins inviterer til o-troll leir og krinssamling (ungdomssamling) på Nordfjord fritidssenter (Vangen) laurdag 3. juni til søndag 4. juni.
O-troll leir er frå barn 7 år (2. klasse) til 12 år. Ungdomssamlinga er frå 13 år til 25 år.
Frammøtetidspunkt: kl. 15.30 (etter krinsløpet)
Deltakarane blir delt i grupper etter alder og erfaring,
Det blir orienteringsaktivitetar, leikar, middag, sosialt samvær og overnatting (for dei som ønskjer det)
Hugs å ta med:
Treningskle og konkurransekle, EMIT-brikke (om de har), kompass, regnkle og støvlar (tilpassa vêret), kortstokk eller andre spel, handkle og toalettsaker, sovepose og laken. Ta også med mat og drikke til å ete etter løpet laurdag.
Dette blir kjempekjekt! Bli med!
Les meir og meld dykk på o-troll leir her.
Les meir og meld dykk på krinssamling her.

Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Kristin Hatledal
Nær o-løp nr. 8 på Ullsheim
24.08.2026
Lagsmeisterskap i orientering
19.08.2026
Nær o-løp nr. 6 ved Svingeset
08.08.2026
Tur-orientering 2026
28.06.2026
Nær o-løp nr. 5 ved Tonningsetra
14.06.2026