Lagsmeisterskap og nær o-løp i orientering
Postet av Kristin Hatledal den 30. aug 2023
Torsdag 31. august arrangerer Veten IL lagsmeisterskap for Markane IL og Veten IL.
Det blir merka til oppmøteplass frå kommunevegen (ved "Sagjene"). Start og mål er ved Gulehaugen hyttefelt. Merka avkøyring like før "Vangen". Parkering langs med vegen her og der.
Vanlege løyper og klassar. Start frå kl 17.00.
Vi minner også om at det blir delt ut ein veldig fin samanlagtpremie på premiefesten seinare i år for alle som har delteke på fem eller fleire nær o-løp denne sesongen. Dette er det siste nær o-løpet i år. Det blir arrangert eit natt o-løp seinare, men dette vil ikkje telje som nær o-løp.
Hugs også at turorienteringssesongen framleis er godt i gong.

Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Kristin Hatledal
Nær o-løp nr. 8 på Ullsheim
24.08.2026
Lagsmeisterskap i orientering
19.08.2026
Nær o-løp nr. 6 ved Svingeset
08.08.2026
Tur-orientering 2026
28.06.2026
Nær o-løp nr. 5 ved Tonningsetra
14.06.2026