Kurs i orientering

Postet av Kristin Hatledal den 21. Mai 2024

Onsdag 29. mai kl. 18 kjem Norvald Hestetræet frå o-forbundet for å halde kurs i orientering. Kurset blir halde på Ullsheim. Det vil vare i ca. 1 - 1,5 time.

Dette er eit aktivitetskurs for vaksne og ungdom, men vi ønskjer gjerne at barn frå 10 år og oppover kjem og deltek på aktivitetane. Det vil bli gjennomført eit utval av aktivitetar, og dei er eigna både som oppvarming og som hovuddel på trening. Kva aktivitetar som kan bli gjennomført kan ein sjå på vedlegget som ligg ved. 

O-gruppa håpar flest mogeleg vil nytte høvet til å vere med på dette flotte kurset der læring, meistring og orienteringsglede vil stå i fokus!

Vi ønskjer gjerne å vite kor mange som kjem til å komme, så viss de anten trykker delta på facebookarrangementet eller sender ein e-post til annemariesvarstad3@gmail.com er det flott!




Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.