Sesongstart i orientering

Postet av Kristin Hatledal den 16. Apr 2025

Orienteringssesongen er i gang – bli med på trening for alle! Markane IL inviterer små og store til ei sosial og lærerik orienteringstrening torsdag 24. april frå kl. 18.00, og markerer med det sesongstarten for orientering i Stryn. Samlingsplassen er ved leikeplassen på Visnes.

Treninga passar for alle – både dei som aldri har prøvd orientering før, og dei som har vore med tidlegare. Det blir lagt opp til ei variert og morosam økt med fleire tilbod: 

Nybegynnarløype – enkel og fin løype for deg som vil lære det grunnleggjande 

Sprintløype – for dei som vil ha litt meir fart og utfordring 

Orienteringsleikar - leik og aktivitet for dei yngste, der ein lærer kart og kompass på ein morosam måte.

Dette er ei lågterskeltrening for alle som har lyst å prøve orientering. Vi håpar mange tek turen, anten ein kjem åleine, med vener eller med heile familien. Alt du treng er uteklede og gode sko. 

Markane IL har kompass og anna utstyr til utlån. 

Det er gratis å vere med. 

Det er litt avgrensa med parkeringsplassar, så dersom ein har mogelegheit til å køyre saman, eller evt. parkere før ein køyrer opp i byggefeltet, så er det fint. 

Velkommen til ein sosial, aktiv og lærerik ettermiddag med Markane IL! 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.