God deltaking på sesongens andre cuprenn

Postet av Markane IL den 28. Jan 2025

Det var god deltaking på sesongens andre cuprenn som gjekk i klassisk stil på Ullsheim. I alt 58 deltakarar stilte opp -nokre av dei for første gong. Det var  fleire deltakarar i trimklassa enn tidlegare. I tillegg var det nye deltakarar både i dei yngste og litt eldre klassane.

Etter god innsats i løypene var det bollar og saft etter målgang.

Her er resultatlista for kveldens renn:

Resultatliste cuprenn nr 2 i klassisk stil 28.01.2025

Neste renn er om fjorten dagar dvs tysdag 11.februar i fri teknikk. På tysdag om ei veke er det klart for ny skileik. 

Velkomne tilbake då :D





Klart for sesongens andre cuprenn tysdag 28.januar

Postet av Markane IL den 27. Jan 2025

Det er klart for sesongens andre cuprenn tysdag 28.januar. Denne gongen er rennet i klassisk stil. Påmelding frå kl1800. Meld deg helst på ved å skrive under facebookinnlegget på gruppa til Markane IL.

Utdeling av startnummer frå kl 1800

Første start kl. 1830. Dei yngste startar først.

Startkontingent kr 50.

Det er også trimklasser for dei som ikkje vil gå på tid.

Vel møtt!




Tre sekund bak pallen i Holmenkollen

Postet av Markane IL den 27. Jan 2025

Syver Melheim Espe fekk beste lokale resultat på normaldistansen under Kvalfoss-sprinten i Holmenkollen med ein 4.plass berre tre sekund bak pallen! (Foto: Markane IL)

Syver fekk totalt tre bom på standplass, men med stor fart i løypa var han berre tre sekund frå å kome på pallen i 14- årsklassen for gutar. Brita Svarstad Heggdal kom på 18. plass i 14- årsklassen for jenter med totalt fem bomskot.

På sprinten laurdag var også farten høg i løypene, men det vart litt for mange bomskot på standplass. Brita Svarstad Heggdal tok ein god 9. plass i klassen. Ho hadde totalt fire bom. Her kom Syver Melheim Espe på 12. plass, med fem bomskot på standplass. Ane Hjelmeset Kirkeeide gjekk også  sprint laurdag ettermiddag, og kom på 13. plass med fire bom på liggande skyting og fullt hus på ståande. Ho stilte ikkje til start på normaldistansen søndag.

Foto (teke av Markane IL) : Brita Svarstad Heggdal og Syver Melheim Espe




Tarjei med siger på sprinten og andreplass på jaktstarten i Anterelva

Postet av Markane IL den 26. Jan 2025

Tarjei Bø imponerte med feilfri skyting då han vann sprinten i Anterselva fredag. Då han vart intervjua etterpå, annonserte han at han legg opp etter sesongen.

På sprinten skaut Tarjei ned alle blinkane både på liggande og ståande skyting. Han tok leiinga i rennet då han gjekk over mål. Det kom heller ingen bak som klarte å matche tida.

– "Ein nydeleg serie av Tarjei", meinte NRK-kommentator Marte Røiseland, og også skyteekspert Ola Lunde let seg imponere over rask og god ståande serie.

Johannes Thingnes Bø fekk ein bom både på liggande og ståande skyting. Etter ein rask opning, tapte han ein del på sisterunden i høgda i Anterselva. Han vart nummer ni til slutt, og var 35 sekund bak Tarjei.

Sturla Lægreid var berre 0,4 sekund etter vinnaren og vart nummer to.

På jaktstarten gjekk det nesten like bra. Med fullt hus på dei tre første skytingane låg han i føringa, men med ein bom på siste skyting gjekk Sturla Holm Lægereid som skaut feilfritt forbi. Dermed vart det andreplass.


Vi gratulerer!




Flott stafettetappe av Maren

Postet av Markane IL den 26. Jan 2025

Maren Hjelmeset Kirkeeide leverte ein flott tredjeetappe då Noreg gjekk inn til andreplass i verdscupstafetten i Anterselva.

Karoline Knotten og Ragnhild Femsteinevik skaut bra på dei første etappane, og sende Maren Kirkeeide Hjelmeset ut like bak Frankrike på veksling. Maren starta offensivt, og gjekk forbi det franske laget. På liggande skyting måtte ho bruke eitt ekstraskot, men var først ut og køyrde ifrå konkurrentane i utforkøyringane. Då det stod tre lag på ståande på standplass, måtte ho som konkurrentane bruke eitt ekstraskot. På sisterunden fekk ho luke til laga bak, og sende ut Ingrid Tandrevold med forsprang på ti sekund.

Tandrevold heldt følgje med teten, og brukte totalt tre ekstraskot på standplass. Men alt vart øydelagt av fallet rett før mål, og Norge kom i mål 13 sekund bak vinnarlaget frå Sverige til ein andreplass

– Ein fantastisk etappe av Kirkeeide. Ho leverer på eit kjempehøgt nivå, meinte NRK- ekspertane, og la til at ho gjekk som ein veteran i løypene.

Maren gjekk også godt tidlegare i verdscuphelga då ho vart beste norske med ein 12.plass på sprinten. På jaktstarten vart det ikkje heilt klaff på standplass då det vart tre bom på liggjande. Dermed blei det 21.plass på laurdagens jaktstart.

Likevel ei nok ei flott verdscuphelg for Maren som sikra seg nok ein pallplass i generalprøva før VM:

No skal landslaget trene i høgda fram til VM i Sveits som startar onsdag 12.februar :D




Ny pallplass til Johannes i Ruhpolding

Postet av Markane IL den 21. Jan 2025

Johannes Thingnes Bø sikra ny pallplass ned tredjeplass på fellesstarten etter å ha annonsert at dette vert siste sesong dagen før. 

Tarjei Bø gjekk inn til ein 9.plass på fellesstarten med Maren Hjelmeset Kirkeeide gjekk eit nytt solid løp og vart nummer 11 på fellesstarten. I tillegg gjekk ho på stafettlaget til Norge som nok ein gong sikra seg pallplas då dei vart nummer 2.




62 deltakarar på dugnadsrenn på Ullsheim

Postet av Markane IL den 18. Jan 2025

Etter at dei planlagde krinsrenna i skiskyting på Ålandleite vart avlyste på grunn av snøforholda, vart det i staden dugnadsrenn på Ullsheim. I alt 62 deltakarar frå Markane og naboklubbane stilte på.

Markane-løparane plassert seg slik på resultatlista:


Fullstendig resultatliste ligg på Eqtiming:

Resultatliste for krinsrenn på Ullsheim 18.01.2025





Resultatliste frå cuprenn nr 1 i fri teknikk 14.01.2025

Postet av Markane IL den 14. Jan 2025



Cuprenn-sesongen er i gang. I alt 41 deltakarar stilte opp på årets første renn. Neste sjanse blir om 14 dagar. Då er det klart for renn i klassisk stil.


Resultatliste frå cuprenn nr 1 i fri teknikk Dato: 14.01.2025







Emilie Flo Stavik til topps

Postet av Markane IL den 14. Jan 2025

Emilie Flo Stavik, Markane/Team 1,5 kopierte norgescupsigeren frå desember og gjekk til topps på sprinten på Røros søndag. Ingen kunne gjere noko med 21-åringen trass i ein strafferunde etter ståande skyting. Guro Ytterhus, Rennebu/Team 1,5 (0–0) vart nummer to, seks sekund bak Emilie. Ho hadde også eit godt resultat på laurdagen med ein 7.plass.

Ann Kristin Aaland, Hardbagg vart nummer åtte, 1.29,5 bak Markaneløparen. Også ho fekk ein strafferunde etter ståande skyting. Linnea Melheim Espe, Markane/Team Intersport vart nummer 13. Ho skaut feilfritt på begge skytingane. Oddrun Hjelmeset Kirkeeide, Markane/Team X vart nummer 31 (0–0) og Elina Østerbø, Markane/Team X nummer 32 (1–1).

I klasse K19 gjekk Katrine Svarstad Heggdal, Markane/Stryn vgs inn til ein flott 6.plass etter 1 bom på liggjande og to på ståande.

Simon Hjelmeset Kirkeeide måtte ta til takke med sjuandeplass i klasse menn senior søndag. Ein strafferunde etter liggande skyting og to strafferundar etter ståande vart for mykje sjølv om det gjekk unna i sporet. Ole Tafjord Suhrke, IL Ivrig/Team Havland, vann sprinten (1–1). Dette var ein plass betre enn laurdag då han vart nummer 8.

Aksel Mathias Meland, Markane/Team Intersport vart nummer 29 (1–2) på søndag.

Resultat av Markane-løparar frå Røros:

Heile resultatlistene ligg på Eqtiming:

Resultatliste frå ASKO cup Røros normal 11.01.2025

Resultatliste frå ASKO cup Røros sprint 12.01.2025




Gjennombrot for Maren i verdscupen

Postet av Markane IL den 12. Jan 2025

Maren Hjelmeset Kirkeeide fekk sitt definitive gjennombrot i verdstoppen i skiskyting under verdscuphelga i Oberhof. Ho sikra seg sin aller første pallplass på sprinten. Det vart ein bom på liggande, men fullt hus på ståande skyting og suveren sisterunde gav ein flott andreplass.

Ho held fram i same stil dagen etter og gjekk inn til ein ny 2. plass på jaktstarten. Dermed var det klart for miksstafett på søndag der ho fekk siste etappe. Saman med Sturla Holm Lægreid (1. etappe), Tarjei Bø (2. etappe) og Ingrid Landmark Tandrevold (3. etappe) skulle ho forsvare dei norske fargane.  Maren måtte bruke tre ekstraskot og gjekk ut på tredjeplass, 37 sekund bak Sverige og Frankrike som skaut fulle hus.

På ståande skyting skaut Maren feilfritt, til stor begeistring frå TV2-kommentatorane. Med den strålande serien sikra ho det norske laget tredjeplassen, bak Sverige og Frankrike.

Vi gratulerer!





Resultatliste for Ullsrennet sprint 05.01.2025

Postet av Markane IL den 5. Jan 2025

Her er resultatlista frå Ullsrennet sprint 05.01.2025

Resultatliste Ullsrennet sprint 05.01.2025




Startliste for Ullsrennet sprint 05.01.2025

Postet av Markane IL den 4. Jan 2025

Startlista til sprintrennet på Ullsheim 5.januar er publisert på Eqtiming:

https://live.eqtiming.com/75163#contestants

Oppsettet for prolog og heatrundar er planlagt slik

(Forventa deltakartal står i parentes)

Heat:

Klassene frå og med 15 år og eldre går 1 km løype:  To omgangar Heatrunde 1 og Heatrunde 2

Klasse 11-14 år går 0,5 km i Heatrunde 1

Klasse 13-14 år i tillegg Heatrunde 2. (0,5 km)

Klassene 10 år og yngre går vanleg distanserenn  i fri teknikk utan heat etterpå.

Startoppstilling i heat er sortert etter prologtid, uavhengig av alder og kjønn.

Løparane får poeng (plassiffer) etter plassering i prolog og heat.

Resultatliste klassevis etter total poengsum etter prolog og heat, rangert frå lågast til høgast.

NB! Vi tek atterhald om endringar i oppsett og tider om talet på deltakarar endrar seg.




Resultatliste for SSF cup Ullsrennet 2025

Postet av Markane IL den 4. Jan 2025

Her er resultatliste for SSF-cup Ullsrennet 2025:

Resultatliste for SSF cup Ullsrennet 2025




Startliste til Ullsrennet 2025

Postet av Markane IL den 4. Jan 2025

Her er startlista til SSF cup  Ullsrennet 2025:

Startliste for SSF-cup  Ullsrennet 2025




Løypekart 2025 og lenke til webkamera

Postet av Markane IL den 3. Jan 2025

Her er løypekart for Ullsrennet 2025

Løypekart Ullsrennet 2025

På grunn av ny ip-adresse fungerer ikkje live-visninga i til webkamera, men klikk her så ser du snøforholda på Ullsheim. 

Webkamera Ullsheim:





Påmelding til SSF-cup Ullsrennet og sprintrenn 4.1 og 5.1.2025

Postet av Markane IL den 2. Jan 2025

Det er klart for renn på heimebane på Ullsheim til helga

Laurdag 4. januar er det klart for SSF Cup Ullsrennet 2025. Ullsrennet er teljande i SSF Cupen for junior og rekrutt (11-16 år). Ullsrennet 2025 har også status som krinsmeisterskap i friteknikk.

Søndag 5. januar 2025 blir det sprint i friteknikk for klassane 11 år og oppover. Sprinten blir etter same oppsett som tidlegare sprintar på Ullsheim. Etter prologen går alle vidare til konkurransar i fleire heat (dvs. her blir ingen blir slegne ut). Dei under 11 år går vanleg renn i fri teknikk på 1 km.

Vi håpar mange vil vere med! Vi melder på Markane-medlemene samla. Skriv namn og fødselsår på innlegget i facebookgruppa Skiskyting og langrenn Markane IL innan torsdag 2.1.2025 kl.2000!

Meir om arrangementa finn du også på iSonen:

Ullrennet 2025:

https://isonen.no/event/cm48dxccu00rqc601u803bd8h/

Ullsrennet sprint 2025:

https://isonen.no/event/cm48e36ez00rvad01u1011pi7/

Vel møtt!