Skikrinsen si høgste utmerking til Per Hatledal
Postet av Markane IL den 22. Okt 2023
I samband med skikrinsen si 100-årsmarkering laurdag, vart langrennsløparen, trenaren og eldsjela Per Hatledal frå Markane IL heidra med krinsen si øvste utmerking. Her saman med Jonfinn Aske frå Fjellhug/Vereide som også fekk utmerkinga og prisutdelar leiar i skikrinsstyret Jorunn Åsfrid Røyrvik. Foto: Roy Aron Myklebust/Fjordingen
Begge prisvinnarane har vore aktive utøvarar i langrenn og begge har lagt ned ein enorm innsats som både trenarar, TD (teknisk delegert) og som lokale eldsjeler i langrennsmiljøet.
Vi gratulerer!
Basar og premiefest i Skogstjerna 29.oktober kl.1500
Postet av Markane IL den 18. Okt 2023
Søndag 29.oktober er det klart for idrettslagsbasar og premiefest i Skogstjerna frå kl.1500.
Vi ser fram til god basarstemning med åresal, loddsal og enkel servering. Det er mange flotte premiar både på årer og på bøkene.
Det skal delast ut premiar innan ski, orientering, skiskyting og trim. Vi oppmodar alle om å kome og hente premiane sine.
Det vert mogleg også å kunne betale ved bruk av VIPPS.
Gratis mat og kaffi.