Sølv på parstafetten i VM
Postet av Markane IL den 20. Feb 2025
Johannes Thingnes Bø spurta inn til sølvmedalje på parsprinten. Med seg på laget hadde han Ragnhild Femsteinevik. Vi gratulerer med sølv! (Foto: NTB)
I eit svært jamt og spennande løp vart det gull til Frankrike, sølv til Noreg og bronse til Tyskland. Jjohannes gjekk ein fenomenal sisterunde og passerte tyskaren Justus Strelow rett før mål
Det norske laget hadde god fart i langrennsløypa, men måtte bruke heile 15 ekstraskot på dei åtte skytingane. Trass i mange ekstraskot så klarte dei seg gjennom stafetten utan å hamne i strafferunden. Det gjorde at dei aldri hamna utanfor medaljekampen, sjølv om det vart litt for langt opp til gullet.
Ingen andre nasjonar blant dei 14 beste var i nærleiken av å bomme like mykje som Noreg på standplass.
Femsteinevik gjekk hardt ut på første runden og tok raskt teten i løpet. Ho var dermed i tetfeltet inn til første skytinga, men der fekk ho trøbbel. Det vart tre bomskot på Hålandsdal-løparen, og ho trong dermed tre ekstraskot for å unngå strafferunde. Dei tre trefte ho på, men avstanden opp til teten var på vel 30 sekund ut frå skytinga. Også på dei seinare skytingane måtte både Ragnhild og Johannes fram med dei ekstra skota før alle blinkane var nede.
På siste etappen gjekk Johannes ut som nummer fire, 22,3 sekund bak Tyskland i leiinga. Inn mot den siste skytinga var han nummer tre, i nærleiken av gullkampen. Men på siste skyting trengde Johannes tre ekstraskot, og det gjorde at Fillon Maillet og Strelow stakk frå medan Sverige gjekk ut på siste runden like bak Noreg. Men Johannes hadde krefter igjen og gjekk frå Sverige. Frankrike med Julia Simon og Quentin Fillon Maillet vart umogleg å få gjort noko med, men Johannes avgjorde sølvkampen mot Justus Strelow på oppløpet. Sveits og Sverige følgde på plassane bak sigerspallen.
Vi gratulerer med sølv på parstafett!
Køyreretning under ASKO/Norgescup på Ullsheim 21.-23.februar 2025
Postet av Markane IL den 20. Feb 2025
Helga 21.-23.februar er det ASKO-cup/Norgescup skiskyting på Ullsheim.
Anbefalt køyreretning desse dagane: Isbakken - Maurset/Ullsheim - Sindre frå kl. 0700-1700 på fredag, laurdag og søndag sidan det er venta stor trafikk i denne perioden.
Vi oppmodar alle om å følgje dette!
Informasjon om ASKO-cup Markane finn du på denne sida: https://anviser.skiskyting.no/markane2425/
10.plass til Tarjei Bø på normaldistansen i VM
Postet av Markane IL den 20. Feb 2025
Tarjei Bø vart best av brørne Bø på normaldistansen i VM med sin 10.plass. Johannes Thingnes Bø hamna på ein 20.plass etter ein dårleg dag på standplass.
Det vart ikkje heilt dagen for verken brørne Bø eller dei andre norske på normaldistansen i VM. Tarjei vart nest beste norske med 10.plass etter å ha fått ein bom på første og ein på siste skyting. Med sine 18 treff var han 3 min 18 sekund etter vinnaren franske Eric Perrot som fekk eit tilleggsminutt. Sølvet gjekk til Tommaso Giacomel som også hadde eit tilleggsminutt og bronsen til Quentin Fillot Maillet med tre tilleggsminutt.
Beste norske vart Endre Strømsheim på niandeplass med eitt tilleggsminutt.
Johannes Thingnes Bø kom skeivt ut frå første skyting med tre tilleggsminutt. Det kom også eit tilleggsminutt på kvar av dei to siste skytingane. Dermed fem minutt totalt og ein 20.plass i løpet. I mål var han 4 min 19 sekund etter vinnaren.
Johannes får ny sjanse til å vise seg fram i morgon då han skal gå parstafett saman med Ragnhild Femsteinevik.
Flott 8.plass til Maren Hjelmeset Kirkeeide på normalen i VM!
Postet av Markane IL den 18. Feb 2025
Maren Hjelmeset Kirkeeide gjekk eit flott normaldistanseløp i VM og vart til slutt nummer 8. Ho var 1 min 46,7 sekund etter vinnaren. Maren hadde femte beste langrennstid av alle i feltet. Det gjekk også bra med skytinga med totalt 18 treff - berre på første og siste skytinga vart det eit bomskot.
Dagens vinnar vart Julia Simon frå Frankrike som fekk eit tilleggsminutt. Ella Hallvarsson frå Sverige skaut 20 treff og tok sølvet 37,8 sekund etter vinnaren. Franske Lou Jeanmonnot tok bronsen med eitt tilleggsminutt. Ho var 39,2 sekund etter Simon i mål.
Maren vart også i dag best av dei norske. Nest best av dei norske kvinnene vart Ragnhild Femsteinevik som blei nummer tolv. Ho fekk også to tilleggsminutt. Ida Lien hadde berre eitt tilleggsminutt på dei tre første skytingane og låg godt an. Men på siste skyting vart det tre tilleggsminutt til og dermed vart det 35.plass. Ingrid Landmark Tandrevold skaut på seg tre tilleggsminutt totalt og enda som nummer 39.
Neste øving for kvinnene er parstafett på torsdag medan det er normaldistanse for menn i morgon.
Vi gratulerer Maren med flott VM-løp!
Nytt historisk VM-gull til Johannes Thingnes Bø!
Postet av Markane IL den 16. Feb 2025
Johannes Thingnes Bø vart historisk då han gjekk inn til sitt 22.VM-gull på jaktstarten i Lenzerheide. Han har dermed passert både Bjørndalen og Fourcade i talet på individuelle VM-gull der Johannes no er oppe i 12. Tarjei Bø sikra seg 10.plass på jaktstarten medan tidlegare i dag vart Maren Hjelmeset Kirkeeide nest beste norske med sin 33.plass i kvinneklassen,
Johannes starta først på jaktstartenog leverte 18 treff på standplass. Med god fart i sporet heldt det til å sikre gullet i mål.
Laurdag vart han historisk som den mestvinnande i VM-historia. Han passerte då Ole Einar Bjørndalen som står med 20 gullmedaljar.I dag slo han nok ein rekord då han gjekk forbi både Martin Fourcade og Bjørndalen som utøvaren med flest individuelle VM-gull. Johannes tronar no øvst på den rankingen med tolv.
Undervegs i løpet var gårsdagens sølvvinnar Campbell Wright den som var nærast Johannes. Men Johannes heldt unna og sikra gullet med 8.4 sekund. Wright tok sitt andre sølv på to dagar. Bronsen gjekk til franske Eric Perrot.
Tarjei Bø gjekk nok eit jamt godt løp og hadde også 18 treff. Dermed vart det nok ein 10.plass og i mål skilde det 1 min 46 sekund opp til Johannes og gullet. Dei andre norske plasserte seg slik: Sturla Holm Lægreid nr 4, Endre Strømsheim nr 8 og Martin Uldal nr 12.
Tidlegare på dag var kvinnene i sving med sin jaktstart Maren Hjelmeset Kirkeeide gjekk ut på ein 16.plass. Det vart litt for mange bom til å kunne vere med heilt fram i teten i dag med totalt 7 bomskot på dei fire skytingane. Dermed vart det ein 33.plass i mål 3 minutt 38 sekund etter Franziska Preuss frå Tyskland. Sølvet gjekk til svenske Elvira Öberg og bronsen til franske Justine Braisaz-Bouchet. Maren var likevel nest best av dei norske kvinnene. Beste norske vart Ingrid Tandrevold på 18.plass med 4 bom medan Ragnhild Femsteinevik vart nr 45 med 5 bom og Karoline Knotten nr 51 med 6 bom
Tysdag er det klart for normaldistanse for kvinnene medan mennene går normaldistanse på onsdag.
Vi gratulerer Johannes med nok eit VM-gull!
5.plass til Sogn og fjordane i HL skiskyting 2025
Postet av Markane IL den 16. Feb 2025
Sogn og Fjordane gjekk inn til ein flott femteplass i HL skiskyting i klasse J15-16. På laget gjekk Ane Hjelmeset Kirkeeide (foto), Oda Heltne Tønnesen og Ida Frøysland.
Oda Heltne Tønnesen gjekk første etappe på laget og inn til 1.veksling låg Sogn og Fjordane på ein 17.plass. Ane Hjelmeset Kirkeeide gjekk ut på andre etappen og gjorde ein gode etappe. Ho gjekk opp laget ti plassar så ved tredje veksling var Sogn og Fjordane oppe på ein 7.plass. Ida Frøysland gjekk siste etappe og tok eit par plassar til slik at det til slutt vart femteplass for jentene frå Sogn og Fjordane. I mål skilde det 2 min 19 sekund opp til laget frå Oslo og Akershus lag 1 som vann ganske klart. Sølvet gjekk til Sør Trøndelag lag1 som var 1 min 11 sekund etter vinnarlaget medan Troms lag 1 tok bronsen 1min 14 sekund bak.
Foto: Markane IL
VM-gull nr 21 til Johannes Thingnes Bø!
Postet av Markane IL den 15. Feb 2025
Johannes Thingnes Bø tok VM-gull i 10 km sprint i sveitsiske Lenzerheide. Dette er gullmedalje nummer 21. Dermed er Johannes historisk og har passert Ole Einar Bjørndalen som stoppa på 20 VM-gull.
Johannes leverte eit plettfritt løp med ti av ti treff og i sporet var det heller ingen som kunne gjere noko med stryningen.
Tarjei Bø enda på 10. plass.
Amerikanske Campbell Wright tok sølvmedaljen medan Quinton Fillon-Maillet tok bronsen. Vebjørn Sørum tok fjerdeplassen.
Med dette gullet passerte han Ole Einar Bjørndalen når det gjeld talet på VM-gull. Før dagens sprint sto begge med 20 gullmedaljar, -no har Johannes 21.
Dermed har Johannes også eit veldig godt utgangspunkt før morgondagens jaktstart. Tarjei startar 62 sekund bak frå sin 10.plass og har alle moglegheiter til å kunne gå seg opp.
Vi gratulerer Johannes med VM-gull nr 21!
4. og 12.plass til Ane Hjelmeset Kirkkeide i HL skiskyting 2025
Postet av Markane IL den 15. Feb 2025
Ane Hjelmeset Kirkeeide har hevda seg i toppen på dei to første øvingane under HL skiskyting 2025. På fredag vart det 4.plass i skiskyttarcross medan det vart 12.plass på normaldistansen på laurdag
Første øving under hovudladsrennet for 15 og 16-åringar var skiskyttarcross. Ane var med heilt i toppen. med berre eitt bomskot. Dermed mangla det til slutt berre 9 sekund på pallen då status vart gjort opp etter målagang. Vinnar vart Mille Lybeck Sørum, Østre Toten Skilag 12:55.6 (0+0), nr 2 Eira Ovesen, Trondhjems Skiskyttere 12:55.8 (0+0) og 3 Eline Hårberg Jensrud, Lier IL 13:14.0, (1+1). Ingeborg Smørdal Hjelle, Stårheim IL vart nr. 22 med 2+1. Det var totalt 54 startande i klassen.
Nesten like bra gjekk det på laurdag då Ane gjekk inn til ein 12.plass på normaldistansen. Det vart ein bom på første skyting og to på den andre. Dermed skilde det 2min21sekund opp til klassevinnaren i J15. I alt 52 løparar stilte på start
Vi gratulerer med gode resultat!
Her er uttdrag av resultatlista til J15
Resultatliste J15 skiskyttarcross
Resultatliste J15 normaldistanse:
Maren Hjelmeset Kirkeeide best av dei norske på VM-sprinten med 16.plass
Postet av Markane IL den 15. Feb 2025
Maren Hjelmeset Kirkeeid vart best av dei norske på VM-sprinten då ho gjekk inn til 16.plass Maren måtte tole tre bom på liggjande, men skaut fullt på ståande. Det heldt til å vere beste norske på ein dag med mange norske bom. Ho er om lag eit minutt bak som utgangspunkt på jaktstarten søndag.
Karoline Knotten skaut fullt på liggjande og var i posisjon til å kunne kjempe om ein medalje framfor ståandeserien i Sveits. Der vart det heilsprekk med fire bom. Ragnhild Femsteinevik og Ingrid Landmark Tandrevold fekk også problem på standplass under litt ujamne forhold og enda med fem og to strafferunder på liggjan. Ingrid Tandrevold fekk ei strafferunde på kvar av dei to skytingane og hamna vel eit minutt bak vinnaren
4.plass i miksstafett med Maren og Johannes på laget
Postet av Markane IL den 15. Feb 2025
Maren Hjelmeset Kirkeeide og Johannes Thingnes Bø gjekk gode etappar for Noreg og til slutt var det berre to sekund opp til pallplass i VM- blanda stafett trass i at Noreg kom veldig skeivt ut på 1. etappe.
For Noreg og Ingrid Tandrevold fekk ein tøff start med to strafferundar på den første etappen i den blanda stafetten. Også på ståande enda det med ei strafferunde etter at alle ekstraskota var brukt opp. Dermed var det norske laget langt bak. Noreg veksla som nummer som nummer 20 med 2.11,5 minutt opp til teten.
Maren Hjelmeset Kirkeeide skulle så ut å gå andre etappe. Ho gjekk ein god etappe. Det vart eit ekstraskot på liggjande skyting, men fullt hus på ståande. Ho sende så ut Sturla Holm Lægreid på tredjeetappen med 2.38,4 sekund. Læreid igjen sende Johannes Thingnes Bø ut som nummer åtte.
Johannes skaut to fulle hus var nær ved å ta Noreg heilt opp til pallen. I mål var han berre to sekund unna ein plass på pallen.
Frankrike tok gullet medan Tsjekkia og Tyskland tok 2. og 3. plass.
Maren og Johannes klare for miksstafett onsdag 12.februar
Postet av Markane IL den 11. Feb 2025
Maren Hjelmeset Kirkeeide debuterer i VM i skiskyting i Lenzerheide på onsdag då ho skal gå blanda stafett for Norge. Johannes Thingnes Bø skal gå ankeretappen på stafetten. Dei to andre på laget bli Ingrid Landmark Tandrevold og Sturla Holm Lægereid
Vi ønskjer lukke til!
Stor deltaking i sesongens tredje cuprenn!
Postet av Markane IL den 11. Feb 2025
Det var stor deltaking i sesongens tredje cuprenn på Ullsheim med 75 deltakarar. Det største deltakinga på fleire år. Rennet gjekk i fri teknikk og i tillegg til å vere det tredje rennet i cupen, var det også lagmeisterskap for deltakarane frå Markane IL i klassene frå 11 år og oppover.
Fleire stilte opp på cuprenn for første gang og den største klassa var dei under 8 år der 26 deltakarar stilte opp. . Den yngste klassa gjekk 800 meter, dei mellom 9 og 12 år gjekk 1,5 km, 13 og 14 år gjekk 2,5 km medan dei frå 15 år og oppover gjekk 5 km. I tillegg til dei som gjekk på tid var det også fleire som deltok i trimklasse.
Vi er dermed halvvegs i årets cupsesong. Neste renn er rett over vinterferien på tysdag 25.februar. Og då er fullt mogleg å bli med sjølv om ein ikkje har vore med tidlegare i sesongen. Dei som deltek på meir enn halvparten av cuprenna kan vente seg premie på premiefesten i oktober!
Her er resultata frå dagens renn:
Resultatliste frå cuprenn nr 3 i fri teknikk 11.02.2025
Her er nokre fotoglimt frå kvelden:
Foto: Ann Kristin Grodås/Markane IL
Resultat frå KM sprint i skiskyting på Ullsheim
Postet av Markane IL den 11. Feb 2025
Volda langrenn og skiskyting arrangerte laurdag 8.februar KM sprint skiskyting på Ullsheim sidan det var snømangel i Volda. Det var god deltaking i rennet, spesielt i dei yngste klassane, og der var mange gode resultat både i løypa og på standplass.
Fullstendig resultatliste ligg på Eqtiming og er også limt inn nedanfor:
Klart for cuprenn nr 3/lagsrenn i fri teknikk 11.februar
Postet av Markane IL den 10. Feb 2025
Tysdag 11.februar er det klart for sesongens tredje cuprenn. For dei som er medlemer i Markane IL og går i klassene frå 11 år og oppover er rennet også lagsrenn. Alle nye og gamle deltakarar er velkomne! Det er også høve til å stille opp i trimklasse utan tid.
Utdeling av startnummer frå 1745-1815. Fint om alle deltakarar registrerer seg på facebookinnlegg i Markane IL -gruppa- Gjerne før kl.1530 slik at vi får laga deltakarlista klar på førehand.
Bollar og saft ved målgang
Deltaking: kr 50.
Vel møtt!
Klart for skileik på Ullsheim 4.februar
Postet av Markane IL den 4. Feb 2025
Det er klart for sesongens andre skileik på Ullsheim tysdag 4.februar frå kl.1800 til 1900. Dersom det blir for stort sprik i alder og nivå, blir gruppa delt i to. Ingen påmelding på førehand.
Vel møtt!
Emilie Flo Stavik er teken ut til junior-VM!
Postet av Markane IL den 3. Feb 2025
Etter ein flott sesong så langt og flott innsats i junior-NM i helga, er Emilie Flo Stavik klar for junior-VM i skiskyting. Det er også Ann Kristin Aaland frå Hardbagg IL.
Norges Skiskytterforbund har teke ut totalt 26 skiskyttarar, inkludert reservar, som skal representere Norge i ungdoms- og junior-VM i skiskyting som går i svenske Östersund frå 26. februar til 05. mars.
Vi gratulerer!
NM-sølv til Sogn og Fjordane
Postet av Markane IL den 2. Feb 2025
Det vart NM-sølv på stafett til laget frå Sogn og Fjordane i klasse K17–22 søndag. På laget gjekk to løparar frå Markane IL, Emilie Flo Stavik og Linnea Melheim Espe, og Ann Kristin Aaland frå Hardbagg IL
Også fleire andre lokale løparar sikra seg gode resultat under NM--helga i Karidalen.
Trioen Ann Kristin Aaland, Linnea Melheim Espe og Emilie Flo Stavik låg i tet gjennom heile stafetten etter strålande etappar av alle tre. Eitt bomskot på siste skyting gjorde at Telemark og Vestfold 1 kunne gå ut på sisterunden med vel 15 sekunds leiing, men Emilie Flo Stavik sette opp ein forrykande fart og tok kraftig innpå. Forspranget var nesten halvert då målstreken nærma seg, men det vart akkurat for langt opp til førsteplassen. Dermed vart det ein flott sølvmedalje til laget frå Sogn og Fjordane.
Sogn og Fjordane sitt 2.-lag gjorde det også godt, med dei tre markaneløparane Mari Sofi Meland, Oddrun Hjelmeset Kirkeeide og Elina Østerbø på laget. Dei gjekk inn til 8. plass, etter gode etappar og sterk skyting. Alle dei seks på K17–22-laga er tidlegare elevar ved landslinja ved Stryn vidaregåande skule.
I klasse K17-19 gjekk Kathrine Svarstad Heggdal frå Markane IL saman med Ronja Haughovd Stårheim IL og Johanne Normann Hellevang frå Hardbagg IL på Sogn og Fjordane lag 1. Dei gjekk inn til 17. plass etter solide etappar og mykje god skyting. På vinnarlaget til Hordaland i denne klassen gjekk Symra Emilia Garverhaugen som går på landlinja på Stryn vgs.
NM junior og senior ASKO cup fellesstart fredag 31.01
Skiskyttarhelga i Karidalen starta alt på fredag og fleire lokale løparar levert god innsats i norgescup- og NM-løp i Karidalen. Fredag var det fellesstart for seniorklassene og der kom Simon Hjelmeset Kirkeeide rett bak pallen då han gjekk inn til ein 5.plass.Han skaut feilfritt på begge dei liggande skytingane, medan han måtte ein tur i strafferunden på begge dei ståande skytingane.Etter siste skyting låg han18 sekund bak pallplas. På sisterunden gjekk det unna, og i mål gjekk inn til femteplass, berre 4,2 sekund bak tredjeplassen. Aksel Mathias Meland (Markane/Team Intersport) vart nummer 19.
Det er også NM for junior og ungdom i fellesstart Karidalen. I klasse K20–22 vart Ann Kristin Aaland (Hardbagg) beste lokale løpar med 9. plass. Aaland fekk totalt tre strafferundar og var eit halvt minutt frå pallen. Helene Sæter (Fet SK/Team Romerike) vann sprinten. Mari Sofi Meland (Markane/Team Intersport) vart nummer 24, Emilie Flo Stavik (Markane/Team 1,5) nummer 26, Elina Østerbø (Markane/Team X) nummer 30 og Oddrun Hjelmeset Kirkeeide (Markane/Team X) nummer 32.
NM junior og ASKO cup sprint laurdag 01.02
I NM i skiskyting for junior i Karidalen på Toten gjekk Ann Kristin Aaland, Hardbagg IL laurdag inn til ein sterk 5. plass i K20-22 på sprinten. Hardbagg-løparen skaut godt og gjekk inn vel 22 sekund frå pallen med berre ei strafferunde. I denne klassen gjekk også Emilie Flo Stavik, Markane/Team 1,5, seg inn på 10.plass med totalt tre strafferundar.
Dei andre deltakarane frå Markane IL plasserte seg slik:
Mari Sofi Meland, Markane/Team Intersport vart nr. 20, Oddrun Hjelmeset Kirkeeide, Markane/Team X nr. 23, Linnea Melheim Espe, Markane/Team Intersport nr. 25,hare Elina Østerbø, Markane/Team X nr. 29 og Frøya Haughovd, Stårheim/Stryn vgs n. 47. Norgesmeister vart Guro Ytterhus, Rennebu IL / Team 1,5.
På norgescup-sprint på Toten låg Simon Hjelmeset Kirkeeide, Markane/Team Hugaas med rask fart i sporet og fullt hus på liggande lenge an til pallen i M senior. Men to strafferunder på ståande straffa seg bokstavleg talt, og han gjekk inn til 6. plass.
På laurdag var det også NM i fellesstart for ungdomsklassane. Her vart det 10.plass til Katrine Svarstad Heggdal, Markane/Stryn vgs (3+0+3+1) i K19. NM-gullet gjekk til Bjørg Marit Eide, Hålandsdal IL / NTG-Geilo.