Rent idrettslag gjennomført 08.04.2024
Postet av Markane IL den 30. apr 2024

Alle gruppene til MArkane IL gjennomført 8.april 2024 sertifisering til Rent idrettslag. Meir om ordninga kan du lese her
Klart for ASKO cup skiskyting på Ullsheim 21.-23.februar 2025
Postet av Markane IL den 25. apr 2024

NSSF har i dag offentleggjort at Markane IL er tildelt norgescuprenn i skiskyting helga 21.-23.februar 2025!
Arrangementet får etterkvart eiga heimeside her: https://anviser.skiskyting.no/markane2425/
Våre samarbeidspartnarar på overnatting finn du her: https://markane-il.idrettenonline.no/next/p/11345/overnatting
Kongepokal til Simon Hjelmeset Kirkeeide!
Postet av Markane IL den 5. apr 2024

Simon Hjelmeset Kirkeeide gjekk heilt til topps på NM sprinten i skiskyting og sikra seg med det kongepokalen!
Simon gjekk eit suverent løp i løypa og trass i ein bom på kvar av skytingane så var han med i tetkampen gjennom heile løpet.
Tarjei Bø fekk ein bom på første skyting og hamna litt bak teten. Næraste konkurrent til Simon vart Johannes Dale-Skjevdal. Han hadde berre ein bom totalt og bruker å ha gode avslutningar. Men Simon heldt unna i løypa og vann gull og kongepokal med 6 sekund margin. Bronsen gjekk til Sverre Dahlen Aspenes
Tarjei Bø gjekk inn til femteplass.
Vi gratulerer med NM-gull og kongepokal!
Foto: Nordfjord Team Tussa