Markane IL til topps på stafetten på Liatoppen!

Postet av Markane IL den 4. Apr 2025

Det vart gull til laget frå Markane IL på stafetten i J13-16 på Liatoppen. På laget gjekk Brita Svarstad Heggdal, Olina Svarstad Heggdal og Ane Hjelmeset Kirkeeide. Vi gratulerer!


Laget frå Markane IL var med i toppen frå start til mål. Brita Svarstad Heggdal gjekk første etappe. Ho fekk ein bom på første skyting, men skaut fullt på den andre. Inntil første veksling låg Markane på ein 8.plass, 41 sekund etter Asker som var i leiing. På andre etappe gjekk Olina Svarstad Heggdal. Ho skaut fullt på begge seriane og etter andre skyting var Markane heilt oppe i føringa. Ved veksling leia Markane med 17 sekund til Figgjo og 52 sekund ned til Voss på tredjeplass.

Ane Hjelmeset Kirkeeide gjekk ankeretappen. Ho vart i føringa gjennom heile etappen. Ho skaut fullt på begge seriane og sikra Markane IL sigeren. I mål skilde det 19 sekund ned til Østre Toten som hadde unngått strafferundar på alle etappar. Figgjo IL sikra seg bronseplassen, 43 sekund etter. 

Vi gratulerer!




Sogn og Fjordane tok NM-gull på stafetten!

Postet av Markane IL den 2. Apr 2025

Maren Hjelmeset Kirkeeide, Ann Kristin Aaland og Karoline Erdal sikra Sogn og Fjordane sitt første NM gull i skiskyting for kvinner! (Foto: Skjermdump frå NRK/Fjordingen)

Ann Kristin Aaland gjekk opningsetappen for Sogn og Fjordane sitt førstelag som var blant gullfavorittane. Ho gjorde ein flott innsats både  i løypa og standplass. På liggjande skyting måtte ho bruke eit ekstraskot, men den ståande skytinga var det klasse over, med rask og god skyting.

Ann Kristin sende Karoline Erdal (Førde IL) ut på den andre etappen på 6. plass, 19,2 sekund bak Oppland som leia. Erdal gjekk seg etterkvart opp og fekk kontakt med laga i tet. Ho leverte også feilfri skyting gjekk først ut på mellomrunden med 14 sekund ned til Oslo Akershus og 17 sekund til Nordland.

Men på ståande skyting vart det ein strafferunde og 14 sekunds leiing var snudd til femteplass og 12 sekund bak Hordaland som no hadde teten

Erdal tok att det tapte i løypa og sende vår doble NM-vinnar Maren Hjelmeset Kirkeeide ut på ankeretappen for Sogn og Fjordane, likt med Oppland og Hordaland.

Maren skaut fullt hus på begge skytingane og gjekk ut på sisterunden i einsam majestet. Ingen kunne true NM-dronninga Maren, som sikra laget NM-gull. Dette vart Maren sitt tredje gull i meisterskapen. Oppland tok sølv og Hordaland bronse.

Sogn og Fjordane sitt 2. lag var sett saman avberre løparar frå Markane IL:  Linnea Melheim Espe, Emilie Flo Stavik og Mari Sofi Meland. Dei gjekk inn til niandeplassmedan Sogn og Fjordane 3 med Ingeborg Rørvik, Oddrun Hjelmeset Kirkeeide og Katrine Svarstad Heggdal vart nummer 23.

I herrestafetten vart Sogn og Fjordane sitt lag sett saman av Johan-Olav Smørdal Botn, Magnus Skeide Bakke, Ask Haughovd og Aksel Mathias Meland nummer 14, 7.18,3 bak Oslo og Akershus.


Vi gratulerer!





Kongepokal til Maren Hjelmeset Kirkeeide!

Postet av Markane IL den 2. Apr 2025

Maren Hjelmeset Kirkeeide sikra seg kongepokalen då ho vann fellesstarten  suverent under NM skiskyting! Foto: Emil Sørgaard, NSSF


Maren gjekk eit perfekt løp, og ho berre auka forspranget til konkurrentane undervegs. Ho skaut 19 av 20 treff på fellesstarten. Dette var meir enn nok til å sikre ein suveren siger i løpet og dermed ny NM-tittel og også årets kongepokal!

Marthe Kråkstad Johansen (+24,1 sek) tok sølvet og Juni Arnekleiv bronsen (+43,4 sek).

Vi gratulerer med nok eit NM-gull og kongepokal!





8.plass til Simon Hjelmeset Kirkeeide i NM i langrenn

Postet av Markane IL den 2. Apr 2025

Simon Hjelmeset Kirkeeide stilte opp på 10 kilometer NM i langrenn på Hovden og var med å kjempa heilt i toppen. Av dei 545 startande hamna han  på 8. plass! (Foto: Fjordingen)


I mål var han berre 18,3 sekund bak vinnaren, Martin Løwstrøm Nyenget. Av dei sju som var føre på lista var heile fem frå elitelaget.


Vi gratulerer!