Medlemskontingent 2023 -nytt digitalt system for innkreving
Postet av Markane IL den 22. Feb 2023
Faktura på medlemskontingent for 2023 skal no vere sendt ut til alle Markane IL sine medlemer. Vi har i år skifta innkrevingsmetode og fakturaen kjem no på epost med påminningar på SMS kvar åttande dag.. Sidan vi bruker KlubbenOnline sitt system vil det vere eit nytt banknummer oppgitt på faktura då kontingenten går via KlubbenOnline før den kjem til oss.
Fakturaen vert i utgangspunktet sendt til den epostadressa som ligg registrert på MinIdrett. Dersom de ønskjer å oppdatere adresse og/eller telefonnummer er det mogleg å gjere dette sjølv på MinIdrett eller du kan sende ei melding til Antonia Karete Kongsvik på antoniakaretekongsvik@gmail.com så ordnar vi dette for deg. Dette kan vere særleg aktuelt for ungdom som tidlegare har vore med i familiemedlemskap og ofte ligg på ein av foreldra sin adresser. Alle som fyller 18 år i løpet av 2023, mottek giro for enkeltmedlemskap dersom dei tidlegare var med i eit familiemedlemskap.
Når fakturen er betalt, vert det generert medlemskort for 2023 som de finn på MinIdrett.
For heidersmedlemene i laget som er fritekne for kontingent, er det sendt ut ein faktura på kr 0 slik at det digitale medlemskortet skal vere aktivert også for dykk.
Dersom nokon vil melde seg ut eller endre på medlemskapet (bytte til familie eller liknande), så gjer de dette ved å sende epost til antoniakaretekongsvik@gmail.com
Stor takk til alle som har betalt så langt!
Vi håper dei fleste vil vere medlemer også i 2023!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL
Trekningsliste for idrettslagsbasaren 2024
28.10.2024
Stor deltaking på miljøsamling på Ullsheim
19.10.2024
Idrettslagsbasar 27.oktober 2024
19.10.2024