Kategori
Arkiv
3.plass til Johan Eirik Meland under normaldistansen på Lygna.
Postet av Markane IL den 6. Jan 2018
Johan Eirik Meland kom på tredjeplass på normaldistansen på Lygna (Arkivfoto frå NM på Sirdal: Nordfjord Team)
Johan Eirik Meland kom på bronseplass i menn senior på normaldistansen under Norgescupen på Lygna. Med fire fulle hus var han 1 min 54 sek etter klassevinnar Erlend Bjøntegaard. Andreplassen gjekk til Vemund Ravnsborg Gurigard, 1 min 25,3 sek etter vinnaren. Jarle Midthjell Gjørven kom på 35.plass i same klassa.
I klasse M19 kom Aksel Mathias Meland på femteplass. Med tre tillegg var han var 3.59 min etter klassevinnar Sigurd Leren frå Vingelen IL som skaut feilfritt. I same klassa vart Johan-Olav Smørdal Botn nr 9 og Vegard Skrede nr 20.
Simon Hjelmeset Kirkeeide kom på 13.plass i klasse M18. Med total sju tillegg var han 4 min 40 sek etter klassevinnar Mats Øverby som berre hadde to tillegg.
Isak Hopland vart nummer 14 i klasse M20-21. Med eit tilleggsminutt var han 4 min 7 sek etter klassevinnar Alexander Fjeld Andersen. I same klassen vart Håkon Midthjell Gjørven nr 51 og Erlend Bakken nr 54.
I klasse M17 vart Sivert Raddum Skaug nr 19, Magnus Midthjell Gjørven nr 23 og Torjus Engeset Woldsund nr 61.
Sigrid Flo Bødel kom på 17.plass i klasse K18-19. Ho var 5 min 42 sek etter vinnar Uqulek Astri Slettemark. Kari Alsaker og Anne Marie Roset kom på høvesvis 54. og 57.plass i klassen.
Komplette lister på eqtiming: http://www.eqtiming.com
Lokale resultat:
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.