Kategori
Arkiv
Ny dobbeltsiger i Norgescupen
Postet av Markane IL den 24. Jan 2022
Markane IL- løparane Emilie Flo Stavik og Maren Kirkeeide Hjelmeset gjekk heilt til topps på pallen med høvesvis første- og andreplass etter sprinten i Norgescupen i klasse K19 i Fet.
Emilie Flo Stavik sprinta i mål på tida 17.47.3. Det var 11,3 sekund føre lagveninna Maren Kirkeeide Hjelmeset.
Dei to har utmerka seg også tidlegare med slike dobbeltsigrar. Sist var 8. januar under Norgescupen i skiskyting i Karidalen.
Hedda Garlid Hilde gjekk inn til 23. plass i same klassa, K19
Hardbagg IL-løparen Ann Kristin Aaland presterte ein 4. plass i klassa K18.
I klassa K17 fekk Oddrun Hjelmeset Kirkeeide ein splid 13. plass for Markane IL. I klassa M17 vart Eirik Stensaker Tvinnereim (Hardbagg IL) nummer 9.
Det er også Lerøy Cup på Geilo denne helga. Der gjekk Simon Hjelmeset Kirkeeide inn på ein 5. plass i sprint i klassa M20-22.
Hardbagg IL-løparane Isak Hopland kom på ein 25. plass og Vegard Skrede fell ein 27. plass i seniorklassa.
Vi gratulerer med flott innsats!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.