Kategori
Arkiv
Turorientering 2022
Postet av Markane IL den 7. Aug 2022
IL Veten og Markane IL held fram med samarbeidet og tilbyr også i 2022 turorientering i indre Nordfjord. I fjor var første året der vi la deler av postane på fjellkart og det gjer vi også i år. Med mykje snø i fjellet har det teke litt tid før postane har blitt hengt ut. Postane er lagt ut i området mellom Sagedammen og Nakkjen på Fjelli, mot Gryta og Hogden i Stryn, og som tidlegare har vi postar i Tonningskamben. Dette skal gje varierte turar og terreng, og vi håpar det motiverer både små og store til turar i skog og fjell. Dersom du ønskjer å delta kan du gå inn her og registrere deg. På turorientering.no kan du kjøpe turpakken eller du kan kjøpe turpakken på Ytre Eide sport 1 eller Coop Marked Fjelli. Pakken med postar inneheld alle områda som IL Veten og Markane IL har turorienteringspostar. Her er det mogelegheit for varierte fine turar og mange poeng å samle. Poengkrava for merker er: 0 – 16 år 17 – 100 år Bronse: 30-50 60-90 Sølv: 51-80 91-124 Gull: 81-125 125-181
Turorientering er ein veldig fin måte for alle å komme seg ut på flotte turar i nærområdet vårt. Ein kan gå saman eller åleine, ta med seg niste og bruke dagen, eller ta ein eller to raske postar på ein ettermiddag. Alt etter kva som høver best. Postane blir liggande ute til 16. oktober, så det er god tid til å sanke poeng. God tur!
Foto: Henning Heimlid
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.