Bronse på stafetten i junior-NM!

Lagt ut av Markane IL den 4. Feb 2024

Mari Sofi Meland gjekk på Sogn og Fjordane sitt bronselag i K17-22 saman med hardbaggløparane Gunn Kristi Stensaker Tvinnereim og Ann Kristin Aaland.

Ann Kristin Aaland som tok sølv på sprinten før i meisterskapen gjekk ein flott første etappe og skaut to fulle hus. Ho veksla som nummer to og sende ut Gunn Kristi Stensaker Tvinnereim, 45 sekund bak det leiande laget frå  Telemark og Vestfold.

Gunn Kristi følgde opp med ein god etappe. Ho utlikna heile forspranget fram til teten og kunne veksle likt med Telemark og Vestfold.

Mari Sofi Meland gjekk på den siste etappen. Ho har gjort det bra tidlegare i meisterskapen med ein 7. plass på fellesstarten fredag. Ho heldt Telemark og Vestfold bak seg med nokre sekund inn til første skyting, men Oslo og Akershus sitt førstelag gjekk svært god i sporet og passerte ho i løypa. NM-vinnar Maren Sofie Brännare-Gran hadde ein ny god dag og auka også leinga utover etappen.

Inn til siste skyting hadde også Oslo og Akershus sitt andrelag passert Sogn og Fjordane. Men Mari Sofi gjorde sine saker svært bra og fekk ned blinkane utan strafferundar. Ut på siste runde var det vel minuttet fram til tet og ca. 15 sekund til andreplass.

Begge laga frå Oslo og Akershus auka litt inn mot mål men med god klaring til Hordaland på fjerdeplass sikra Mari Sofi ein flott bronsemedalje til Sogn og Fjordane!

Vi gratulerer!


Foto: Nordfjord Team Tussa


Kommentarar

Logg inn for å skrive en kommentar.