Emilie Flo Stavik til topps

Postet av Markane IL den 14. Jan 2025

Emilie Flo Stavik, Markane/Team 1,5 kopierte norgescupsigeren frå desember og gjekk til topps på sprinten på Røros søndag. Ingen kunne gjere noko med 21-åringen trass i ein strafferunde etter ståande skyting. Guro Ytterhus, Rennebu/Team 1,5 (0–0) vart nummer to, seks sekund bak Emilie. Ho hadde også eit godt resultat på laurdagen med ein 7.plass.

Ann Kristin Aaland, Hardbagg vart nummer åtte, 1.29,5 bak Markaneløparen. Også ho fekk ein strafferunde etter ståande skyting. Linnea Melheim Espe, Markane/Team Intersport vart nummer 13. Ho skaut feilfritt på begge skytingane. Oddrun Hjelmeset Kirkeeide, Markane/Team X vart nummer 31 (0–0) og Elina Østerbø, Markane/Team X nummer 32 (1–1).

I klasse K19 gjekk Katrine Svarstad Heggdal, Markane/Stryn vgs inn til ein flott 6.plass etter 1 bom på liggjande og to på ståande.

Simon Hjelmeset Kirkeeide måtte ta til takke med sjuandeplass i klasse menn senior søndag. Ein strafferunde etter liggande skyting og to strafferundar etter ståande vart for mykje sjølv om det gjekk unna i sporet. Ole Tafjord Suhrke, IL Ivrig/Team Havland, vann sprinten (1–1). Dette var ein plass betre enn laurdag då han vart nummer 8.

Aksel Mathias Meland, Markane/Team Intersport vart nummer 29 (1–2) på søndag.

Resultat av Markane-løparar frå Røros:

Heile resultatlistene ligg på Eqtiming:

Resultatliste frå ASKO cup Røros normal 11.01.2025

Resultatliste frå ASKO cup Røros sprint 12.01.2025


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.