Flott stafettetappe av Maren

Postet av Markane IL den 26. Jan 2025

Maren Hjelmeset Kirkeeide leverte ein flott tredjeetappe då Noreg gjekk inn til andreplass i verdscupstafetten i Anterselva.

Karoline Knotten og Ragnhild Femsteinevik skaut bra på dei første etappane, og sende Maren Kirkeeide Hjelmeset ut like bak Frankrike på veksling. Maren starta offensivt, og gjekk forbi det franske laget. På liggande skyting måtte ho bruke eitt ekstraskot, men var først ut og køyrde ifrå konkurrentane i utforkøyringane. Då det stod tre lag på ståande på standplass, måtte ho som konkurrentane bruke eitt ekstraskot. På sisterunden fekk ho luke til laga bak, og sende ut Ingrid Tandrevold med forsprang på ti sekund.

Tandrevold heldt følgje med teten, og brukte totalt tre ekstraskot på standplass. Men alt vart øydelagt av fallet rett før mål, og Norge kom i mål 13 sekund bak vinnarlaget frå Sverige til ein andreplass

– Ein fantastisk etappe av Kirkeeide. Ho leverer på eit kjempehøgt nivå, meinte NRK- ekspertane, og la til at ho gjekk som ein veteran i løypene.

Maren gjekk også godt tidlegare i verdscuphelga då ho vart beste norske med ein 12.plass på sprinten. På jaktstarten vart det ikkje heilt klaff på standplass då det vart tre bom på liggjande. Dermed blei det 21.plass på laurdagens jaktstart.

Likevel ei nok ei flott verdscuphelg for Maren som sikra seg nok ein pallplass i generalprøva før VM:

No skal landslaget trene i høgda fram til VM i Sveits som startar onsdag 12.februar :D


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.