Kategori
Arkiv
Stor deltaking i sesongens tredje cuprenn!
Postet av Markane IL den 11. Feb 2025
Det var stor deltaking i sesongens tredje cuprenn på Ullsheim med 75 deltakarar. Det største deltakinga på fleire år. Rennet gjekk i fri teknikk og i tillegg til å vere det tredje rennet i cupen, var det også lagmeisterskap for deltakarane frå Markane IL i klassene frå 11 år og oppover.
Fleire stilte opp på cuprenn for første gang og den største klassa var dei under 8 år der 26 deltakarar stilte opp. . Den yngste klassa gjekk 800 meter, dei mellom 9 og 12 år gjekk 1,5 km, 13 og 14 år gjekk 2,5 km medan dei frå 15 år og oppover gjekk 5 km. I tillegg til dei som gjekk på tid var det også fleire som deltok i trimklasse.
Vi er dermed halvvegs i årets cupsesong. Neste renn er rett over vinterferien på tysdag 25.februar. Og då er fullt mogleg å bli med sjølv om ein ikkje har vore med tidlegare i sesongen. Dei som deltek på meir enn halvparten av cuprenna kan vente seg premie på premiefesten i oktober!
Her er resultata frå dagens renn:
Resultatliste frå cuprenn nr 3 i fri teknikk 11.02.2025
Her er nokre fotoglimt frå kvelden:
Foto: Ann Kristin Grodås/Markane IL
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.