5.plass til Sogn og fjordane i HL skiskyting 2025

Postet av Markane IL den 16. Feb 2025

Sogn og Fjordane gjekk inn til ein flott femteplass i HL skiskyting i klasse J15-16. På laget gjekk Ane Hjelmeset Kirkeeide (foto), Oda Heltne Tønnesen og Ida Frøysland.


Oda Heltne Tønnesen gjekk første etappe på laget og inn til 1.veksling låg Sogn og Fjordane på ein 17.plass. Ane Hjelmeset Kirkeeide gjekk ut på andre etappen og gjorde ein gode etappe. Ho gjekk opp laget ti plassar så ved tredje veksling var Sogn og Fjordane oppe på ein 7.plass. Ida Frøysland gjekk siste etappe og tok eit par plassar til slik at det til slutt vart femteplass for jentene frå Sogn og Fjordane. I mål skilde det 2 min 19 sekund opp til laget frå Oslo og Akershus lag 1 som vann ganske klart. Sølvet gjekk til Sør Trøndelag  lag1 som var 1 min 11 sekund etter vinnarlaget medan Troms lag 1 tok bronsen 1min 14 sekund bak.

Foto: Markane IL 


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.