Maren sikra sølv til Noreg i VM-stafetten!

Postet av Markane IL den 23. Feb 2025

Maren Hjelmeset Kirkeeide gjekk ein suveren siste etappe og sikra Noregs kvinnelag sølvmedalje på VM-stafetten!

Stafetten opna godt for Noreg med ein solid etappe av Karoline Knotten som veksla som nummer to. Men på andre etappe fekk Ingrid Landmark Tandrevold problem på standplass og på ståande skyting enda det med ein strafferunde etter at ekstraskota var brukte. Ragnhild Femsteinevik gjekk ein god etappe og gjekk Noreg opp til ein femteplass og i nærleiken av medaljekampen.  Då Maren starta ut på ankeretappen var det omtrent 20 sekund opp til Slovenia og Sverige som på dette tidspunktet låg som nummer to og tre.

.Maren Hjelmeset Kirkeeide gjekk eit knallgodt løp frå start til mål. På liggande skaut ho ein perfekt serie. I tilllegg held t ho høg fart i løypa og inntil siste skyting var Noreg med  i sølvkampen. Her trengdest det eit ekstraskot for å få ned alle blinkane og med dette var sølvet sikra og Maren gjekk dermed inn til sin første VM-medalje. Det svenske laget tok bronseplassen. Frankrike leia klart gjennom heile stafetten og sikra seg gullet med god margin. 

Vi gratulerer Maren og det norske laget med VM-sølv!



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.