VM-gull til Tarjei og Johannes i den siste VM-stafetten!

Postet av Markane IL den 23. Feb 2025

I den aller siste VM-stafetten for brørne Bø leverte dei ein eventyrleg innsats. Saman med Endre Strømsheim og Sturla Holm Lægereid sikra dei det norske laget eit suverent stafettgull i Lenzerheide. (Foto: Getty Images)

Etter eit par år utan norsk stafettgull i VM var det på laurdag ingen tvil om kva for eit lag som var best

Glimrande norsk skyting og suverent langrennsfart  gjorde at Johannes Thingnes Bø fekk ei komfortabel sisteetappe der han brillierte med å skyte to fulle hus.

Endre Strømsheim gjekk første etappe og etter berre to ekstraskot på den liggjande skytinga sende han Tarjei Bø ut i tet med god margin framfor Frankrike.

Tarjei starta etappen flott med god fart i løypa og perfekt liggande skyting. Sjølv om det vart to ekstraskot på ståande så auka forspranget til Frankrike, samtidig som distansen til dei andre nasjonane meir enn dobla seg

Tarjei sende ut Sturla Holm Lægreid på trede etappe som fekk  jobbne med å forsvare leiinga på 26 sekund med den franske verdsmeisteren på normaldistansen,  Éric Perrot, jagande bak seg. Lægreid gjekk ein fantometappe og brukte ikkje eit einaste ekstraskot på tredje etappe. Dermed auka luka til Frankrike til 46 sekund.

Johannes Thingnes Bø gjekk ut på den siste VM-etappen sin i karrieren med solid leia. Han gjekk i eit forrykande tempo og tl første skyting hadde Noreg ei luke på minuttet ned til franske Quentin Fillon Maillet. Johannes leverte så to fulle hus på standplass og hadde dermed god tid til å ta i mot jubelen på siste stykket inn mot mål.

Johannes sikra dermed sitt 23.VM-gull medan Tarjei vart historisk som den mestevinnande stafettløparen i VM med sitt 7.stafettgull.

Vi gratulerer med VM-gull!




Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.