28.plass på fellestarten i junior VM til Emilie Flo Stavik
Postet av Markane IL den 3. Mar 2025
Emilie Flo Stavik gjekk inn til ein 28.plass på fellesstarten i junior-VM i Östersund. Ho hadde god fart i sporet, men hadde ikkje heilt dagen på standplass der det vart ni bom totalt. Likevel var ho nok ein gang i den beste halvparten av resultatlista. Ann Kristin Aaland frå Hardbagg vart beste norske med ein flott 7.plass som gjennomførte fellesstarten med berre tre bom totalt. Ho var 54,7 sekund etter vinnaren som vart Sara Andersson frå Sverige med fire bom.
Det starta bra for Emilie på første skyting med fullt hus og ho var godt framme i løpet. På den andre skytinga vart det to bom, men det var på tredje skyting ei plassering heilt i toppen rauk då det vart fem strafferundar. I tillegg kom det to rundar til på siste skyting. Likevel heldt det til å vere i beste halvpart av VM- feltet. Emilie gjekk inn til ein 28.plass i klassa og var 2 min 33 sekund etter vinnaren. Emilie si langrennstid var praktisk talt identisk med Ann Kristin si tid i sporet så med litt betre utteljing på den ståande skytinga hadde vegen vore kort til ei plassering heilt framme i teten også for Emilie.
Junior-VM vert avslutta med stafettar på onsdag.
Resultat frå fellesstarten: https://www.biathlonworld.com/results/BT2425JWRLCH__JWM6
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL

Johannes tilbake i gul leiartrøye
09.03.2025