Kategori
Johannes tilbake i gul leiartrøye
Postet av Markane IL den 9. Mar 2025
Johannes Thingnes Bø er tilbake i gul leiartrøye i den samanlagde verdscupen i skiskyting etter å ha sikra seg tredjeplass både på sprinten og jaktstarten i Nove Mesto. Tarjei Bø gjekk inn til 22.plass på sprinten, men leverte ein god jaktstart og gjekk seg opp til 13.plass.
Johannes Thingnes Bø overtok leiinga i samanlagtcupen etter å ha oppnådd betre plassering enn Sturla Holm Lægereid både på sprinten og jaktstarten.
Det starta dårleg for Johannes på sprinten med to strafferundar etter liggande skyting, medan Sturla Holm Lægreid skaut fullt hus. På ståande vart det derimot omvendt og med fullt hus til Johannes, og med god fart i sporet, gjekk han inn til tredjeplass. Sturla Holm Lægreid enda til slutt på ein 14.plass.
Emilien Jacquelin frå Frankrike, vann sprinten. Han skaut to fulle hus. Tomaso Giacomel, Italia, kom inn som nummer to. Tarjei Bø skaut fullt på liggande, men med tre strafferundar på ståande vart det til slutt ein 22. plass.
På jaktstarten gjekk Johannes ut som nummer tre og kom også i mål som tredjemann. Sturla Holm Lægreid gjekk også godt og gjekk i mål på femteplass. Det betyr trøyeskifte for Bø og Lægreid, men med berre fem poengs margin.
Svenske Sebastian Samuelsson var suveren i tet med fire fulle hus. Han vann føre italienske Giacomel.
Tarjei Bø hadde ein betre dag på jaktstarten. Frå sitt utgangspunkt som nummer 22 etter sprinten gjekk han seg opp til 13. plass med totalt to strafferundar
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.