2.plass i siste ordinære stafett for brørne Bø
Postet av Markane IL den 9. Mar 2025
Det norske laget med Tarjei Bø på andre etappe og Johannes Thingnes Bø på ankeretappen gjekk inn til andreplass etter Frankrike i den siste ordinære verdscupstafetten.
Etter ein sesong der Frankrike har vunne alle verdscupen på stafett medan Noreg vann VM-stafetten var det knytt spenning til om Noreg kunne sikre siger i brørne Bø sin siste verdscupstafett.
Martin Uldal sikra leiinga etter ein sterk første etappe. Han opparbeidde eit forsprang på nærare 20 sekund til Tarjei Bø på andre etappe. Tarjei gjorde ei god liggjande skyting men brukte tid i vinden på den ståande serien. Det gjorde at Frankrike kom nærare Norge på standplass. Men Tarjei gjekk ifrå Frankrike i løypa, slik at leiinga framleis var 17 sekund då Sturla Holm Lægreid tok fatt på tredje etappe.
Lægreid gjekk ein heilt grei etappe. Det vart litt trøbbel på liggjande og ikkje heilt maksfart i sporet.. Men med ei god avslutning på etappen bra veksla Noreg i ryggen på Frankrike.
Då var det opp til Johannes Thingnes Bø å avgjere det heile. Dessverre svikta det på den siste skytinga som enda med ein strafferunde. Dermed kunne nok ein gong det franske laget stå øvst på pallen medan Noreg gjekk inn til andreplass.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Markane IL

Johannes tilbake i gul leiartrøye
09.03.2025