Kategori
Arkiv
Vellukka aktivitetsdag på Ullsheim!
Postet av Markane IL den 2. Aug 2025
Onsdag 23.07 inviterte Markane Idrettslag til ein aktivitetsdag på Ullsheim der stadion var full av spennande aktivitetar som hesteskokasting, frisbeegolf, laserskyting og orientering.
Det var veldig varmt ute denne dagen med steikande sol, så ved registrering fekk alle utdelt vassflasker og caps – som blei godt motteke!
Totalt møtte 16 topp motiverte deltakarar frå Stryn, pluss ledsagarar! Alle kasta seg ut i aktivitetane med iver, og det var store smil, mykje latter og god stemning frå start til slutt.
Vi runda av dagen med gratis pølser og brus til alle, og avslutta med ei medaljeutdeling til stor jubel for heile gjengen.
Dette var eit prøveprosjekt, og første gong vi arrangerar noko slikt. Vi håpar dette kan bli starten på eit større samarbeid – kanskje på tvers av kommunegrenser neste gong?
Vi i Markane IL heiar på mangfald og inkludering – alle skal med
Ein stor takk til alle som stilte opp og bidrog – det gjorde dagen litt lettare for Markane IL som arrangør.
Her er nokre bildeglimt frå dagen:
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.