OL-gull til Maren Hjelmeset Kirkeeide på sprinten!

Postet av Markane IL den 14. Feb 2026

Maren Hjelmeset Kirkeeide skaut to fulle hus og gjekk ein forrykande siste runde og gjekk med det inn til sitt første OL-gull!! Vi gratulerer!


Etter at OL start eit par bom på siste skyting og ein 4.plass i blanda stafett og endå litt fleire bom og 49.plass på normalen, så var Maren tilbake i storform.

Det starta med fullt hus på første liggjande og med god fart i sporet var ho på 9.plass utpå andre runden. Dermed kom ho inn til ståande skyting med medalje i siktet. Også på ståande skyting datt alle fem blinkane ned. Utpå siste runden låg ho på andreplass 9.2 sekund etter franske Oceane Michelon og åtte sekund før Suvi Minkkinen frå Finland. 

Maren gjekk som vanleg ein rå sisterunde og avstanden opp til leiaren vart mindre og mindre. 500 meter før mål var ho 1 sekund bak. Innpå oppløpet gjekk ho i suveren fart og slo  Oceane Michelon med 3,8 sekund og sikra seg sitt første OL-gull! 

Sølvet gjekk til franske Michelon og bronsen til franske Lou Jeanmonnot 23,7 sekund bak.


Vi gratulerer Maren Hjelmeset Kirkeeide med OL-gull!



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.