OL-sølv til Maren Hjelmeset Kirkeeide på jakstarten!

Postet av Markane IL den 15. Feb 2026

Maren Hjelmeset Kirkeeide var med i tetkampen gjennom heile jaktstarten og gjekk til slutt inn til eit flott OL-sølv!


Etter gårsdagens gull på sprinten gjekk Maren Hjelmeset Kirkeeide ut først på dagens jakstart.

Inn til første skyting kom Maren og gårsdagens sølvvinnar Oceane Michelon likt inn på standplass. Maren starta med eit fullt  hus medan den franske løparen måtte tole to strafferundar. Lou Jeanmonnot følgde nærast ut på mellomrunden, 10 sekund bak.

Både Maren og franske Jeanmonnot fekk ein bom og dermed ein  strafferunde på andre liggande medan italienske Lisa Vittozzi skaut feilfritt. Ut frå standplass var Vittozzi fire sekund føre Maren og sju sekund føre Jeanmonnot.

Det tok ikkje lenge for Maren å gå inn leiinga og ta teten på nytt.

På første ståande leverte Maren ein rask og feilfri serie og gjekk ut i tet, seks sekund føre Vittozzi. Dei to franske løparane måtte i strafferunden og ned til tredjeplassen var det no over halvminuttet.

Inn til siste skyting hadde Maren rundt 12 sekund forsprang på Vittozzi. På siste skyting kom det to bom og heimehåpet Vittozzi gjekk først ut på sisterunden nok eit fullt hus. Finske Suvi Minkinen skaut fullt og gjekk ut på andreplass medan Maren låg som nummer tre ut på sisterunden.

Maren tok opp jakta på Minkinen og i den siste lange motbakken gjekk ho opp på sølvplass

Italienske Vittozzi sikra gullet, Maren sikra seg sølv og sin andre medalje på to dagar og Suvi Minkinen tok finsk bronse.

Vi gratulerer med OL-sølv!



Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.