Kategori
Ny kongepokal til Maren Hjelmeset Kirkeeide!
Postet av Markane IL den 10. Apr 2026

Maren Hjelmeset Kirkeeide sikra seg sin andre kongepokal under NM på skiskyting! Foto: Nordfjord Team Tussa
Maren gjekk sist ut av dei 154 startande på NM-sprinten, og hadde favorittstempelet på seg.Med rask fart og berre ein bom, gjekk ho over mål 27 sekund foran Ingrid L. Tandrevold på andreplass. Julie Tronerud Kvelvane frå Voss IL tok bronsen. Dette er fjerde gongen Maren sikrar seg eit NM-gull
Markane hadde også fleire andre løparar på start i sprinten. Linnea Melheim Espe gjekk inn til 43.plass, Katrine Svarstad Heggdal vart nr 54, Mari Sofi Meland vart nr 85, Oddrun Hjelmeset Kirkeeide kom på 111 plass og Elina Østerbø vart nr 113.
Fullstendig resultatliste er mogleg å finne på Eqtiming: https://live.eqtiming.com/82515#result:336459-1276997-1452708-1-1-
Vi gratulerer Maren med gull og kongepokal!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.