Kategori
Arkiv
DNB-challenge 2013:
Postet av Markane IL den 20. Des 2013
Markane IL premiert for godt gjennomført DNB-challenge arrangement 2013!
Åshild Sætren Bøe saman med Andreas Flo Stavik, Eirik Egge Eimstad, Vegard Vinsrygg Steen, Ida Emilie Bruhn-Henriksen og Snorre Øvreberg før dei skal prøve seg på Belgisk orientering på DNB-challlenge. Foto: Margunn Hjelmeset
Markane IL er ein av 7 klubbar som har blitt plukka ut av Norges Orienteringsforbund for å ha gjort ein ekstra god innsats i samband med DNB-challenge 2013. Klubbane som vart premierte har til dømes markert seg ved å involvere lærarar og/eller hatt gode oppfølgingstiltak og «raud tråd» til klubbens andre aktivitetar, skriv NOF.
Premien er ei gåvepakke med utstyr fra Silva. Pakken inneheld 5-6 hovudlykter og o-skjermar. NOF ønskjer at premien bidreg til at fleire born og unge prøver seg på nattorientering.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.