Kategori
Arkiv
Setretrimmen:
Postet av Markane IL den 17. Nov 2013
Stor deltaking i Setretrimmen 2013
Oddrun Hjelmeset Kirkeeide vann også i år klassa jenter 7-12 år. Foto frå premiefesten 2012. Foto: Sigbjørn Kirkeeide
Det var også i år stor deltaking på Setretrimmen. Bøkene låg også i år ute på Faleidestøylen, Gråberg,Holsetra, Grendasetra, Maursetsetra, Øiesetra, Sindresetra, Jutedalsetra og Florehytta .
Totalt vart det denne sesongen registrert 4866 besøk. Det er ein auke på 1263 meir enn i fjor. Klart mest besøkt er Holsetra med 2905 registreringar. Dette er om lag 1000 meir enn i fjor. Følgjande åtte vann sine klasser og kan sjå fram til å motta trimtroll på premiefesten: J 0-6 år: Adelin Slettenes Flore 6 poeng, G 0-6 år: Jesper Svarstad Hole 3 poeng, J 7-12 år: Oddrun Hjelmeset Kirkeeide 43 poeng, G 7-12 år: Magnus Johan Bøe 25 poeng, J 13-17: Anita Langeset 8 poeng, G 13-17: Simon Hjelmeset Kirkeeide 31 poeng, D18- : Margunn Hjelmeset 184 poeng og M 18- : Per Jakob Kyrkjeeide 147 poeng.
Nedanfor er resultata frå årets Setretrim. For dei vaksne er det teke med dei som har oppnådd minst 10 poeng i løpet av sesongen.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.