Kategori
Ullsheim 16.02.2013:
Postet av Markane IL den 16. Feb 2013
Tverrfjelldilten 2013
Andre Haugsbø frå Gaular IL og Torunn Grut frå Syril IL vann Tverrfjelldilten 2013. Foto: Inge Fænn
Vel 100 løparar var på start då tidenes første Tverrfjelldilten vart arrangert. Tverrfjelldilten er som einaste renn i Sogn og Fjordane godkjendt som seedingrenn til Birkebeinerrennet. På grunn av lite snø i område Veten-Hogden var løypa noko justert i høve til det som opprinneleg var planlagt. Rennet gjekk som to rundar gjenom følgjande trase: Ullsheim-Lundasetra-Spjelkebu-Vikadalen-Holesetra-deler av Panoramaløypa ut mot Grendasetra og tilbake til Holesetra og ned igjen til Ullsheim via lysløypa. Totalt 40 km.
Raskaste tid i herreklassane hadde Andre Haugsbø frå Gaular IL (M21-35) med tida 2.03.15,8 medan Torunn Grut frå Syril IL (K46-50) var raskast blant damene på tida 2.33.57,6. På dei neste plassane i herreklassa følgde Roar Alsaker frå Markane IL (M41-45) med 2.13.49,6 og Jan Arve Solheim (M46-50) frå Eikefjord IL på tida 2.14.01,5. Andreplassen blant damene gjekk til Frida Øygard (K19-20) frå Førde IL med 2.53.00,5 medan Ingvild Hoggen (K21-35) frå Volda T&IL kom inn på tredje best tid med 3.09.22,0
I tillegg til det 40 km lange seedingrennet var det også arrangert familierenn på 10 km. Løypa gjekk frå Ullsheim til Lundasetra, Spjelkebu, Holesetra og tilbake til Ullsheim. I alt 45 personar, herav 16 born og 29 vaksne, stilte opp i dette rennet. Arrangementa vart skipa i samarbeid mellom Markane IL, Sparebankstiftinga, Sogn og Fjordane fylkeskommune, idrettskrinsen og skikrinsen.
Tre klassevinnarar: Per Knut Aaland (M56-60), Jan Arve Solheim (M46-51) og Roar Alsaker (M41-45). Foto: Inge Fænn
Komplett resultatliste er lagt ut nedanfor.
Resultatliste for Tverrfjelldilten 16.2.2013
Deltakarliste familierenn 16.2.2013
Cato Ryste i føringa ut frå start.
Nils Magne Slinde frå Syril IL.
Ivar Ulvedal fullførte 20 km i fin stil.
Ingvild og Eli Bente Hoggen vart klassevinnarar i høvesvis K21-35 og K51-55.
Oda Midtlynge Klempe frå Meldal IL kom på tredjeplass i K21-35.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.