Kategori
Arkiv
.
Postet av Markane IL den 29. Jan 2013
Skiposten 2013
Skiposten startar opp att! Foto: Margunn Hjelmeset, 2011
Skiposten er i gong for sesongen. Skiposten er spesielt for borna og har turmål/postar i løypenettet til Turløyper Stryn. Det er gratis å vere med på å klippe skiposten. På postane er det ei klippetang som borna nyttar til å klippe i kortet sitt (denne klippetanga får eit nytt mønster / ein ny figur for kvar veke). Postane vert skifta i løpet av måndagen når vi byter periode.
Klippekort og kart:
Dette får du gratis på butikken Sport 1 Ytre-Eide Sport AS eller ved å henvende deg til underskrivne. På kartet og klippekortet står det oppført kvar dei ulike postane heng, og kva veke dei heng på dei ulike plassane i skiløypa.
Postane:
Det blir hengt ut 5 postar som blir hengande i ein periode på 4 veker. Når dei 4 vekene er omme, blir postane tekne ned og erstatta med 5 nye postar som igjen vert hengande i 4 veker. I alt 15 postar tilsaman.
Postane vert fordelte slik:
Veke 3 - 6: Gardstøylane, Lundasetra, Spjelkebu, Vikadalen, Turrhaugen
Veke 7 - 10: Svingesetøyane, Vinsryggsetra, Langhaugen, Lysløype på Ullsheim, Hydla
Veke 11 - 13: Enden av lysløypa frå Stryn Skisenter, Tverrfjellet, Øvrebergsetra, Holsetra, Bjørnehiet
Premiar:
Alle som leverer inn klippekortet sitt får diplom, og er samstundes med på trekninga av gåvekort og andre småpremiar.
Arrangør:
Skiposten er eit samarbeid mellom skigruppa i Markane IL, Markane og Stryn Barneidrettsskule, Turløyper Stryn og Sport 1 Ytre-Eide Sport AS.
VI HÅPAR PÅ MANGE DELTAKARAR OG ØNSKJER ALLE GOD TUR!
Innleveringsfrist for klippekortet er måndag 8.april 2013. Korta skal leverast til Margunn Hjelmeset eller Mariann Hjelmeset
Fleire detaljar i informasjonsskrivet: Skiposten 2013
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.