Kategori
Arkiv
.
Postet av Markane IL den 6. Nov 2012
"Tverrfjelldilten"
Tverrfjelldilten 2014 er seedingrenn til Birkebeinerrennet.Dato for rennet 15.februar 2014!
Markane IL arrangerte "Tverrfjelldilten" for første gong i 2013. Årets renn vert dermed det andre i rekkja. Rennet vert eit distanserenn for klassane frå og med 16 år.
"Tverrfjelldilten" er det einaste rennet i Sogn og Fjordane som er godkjent som seedingrenn til Birkebeinarrennet 2014.
Rennet vert 40 km lang og har både start og målgong på Ullsheim.
Rapport om ver-og føreforhold for rennet, er lagt ut nedanfor.
Løypekart 2014
Etter vert også i år nytta ei løype med to rundar på 20 km, men løypa vert noko omlagt frå i fjor for å få meir variasjon.Det vert i år ein meir kupert trase med mindre samanhengande stigning.
Løypekart- og profil for årets løype kjem snart.
Løypekart Tverrfjelldilten 2014
Invitasjon 2014
Innbyding til Tverrfjelldilten 2014
Påmelding 2014
Påmeldingsfristen er no ute. Det er mogleg å etterpåmelde seg fram til kl. 10.00 på renndagen. Send ein e-post til monica@termopartner.no
Ver og løyperapport:
Været på laurdag ser ut til å bli overskya med litt vind frå aust. Det er ikkje meldt nedbør og ca. 5-6 plussgrader. Det er gammal grovkorna snø. Føret er jamnt både på start og høgaste punktet. Sidan det er austavær, er snøen forholdsvis tørr sjølvom der er nokre varmegrader.
Startliste 2014:
Startliste Tverrfjelldilten 15.2.2014
Resultatliste 2014
Her vert resultata lagt ut etter rennet. For tidlegare resultat sjå under Tverrfjelldilten-->resultat i venstremenyen
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.