Kategori
Arkiv
Orienteringssesongen 2011:
Postet av Markane IL den 3. Mai 2011
Oversikt over Nær O-løp 2011.
Oppsettet for sesongens Nær O-løp er no klart. Det vert denne sommaren arrangert ni løp. For å sikre seg "jule-kruset" på haustens premiefest, må ein delta på minst fem løp!
Av nær o-løpa skal Markane IL vere arrangør for sprinten 5.mai, eit kortdistanseløp 16.juni og lagsmeisterskapet 25.august. I tillegg kjem KM-mellomdistanse som skal avviklast 20.august.
Terminlista for årets Nær O-løp finn du nedanfor. Her er også ei oversikt over sommarens K-løp i Sogn og Fjordane som det kan vere aktuelt for somme av dykk å reise på.
Følg også med på http://www.orientering.no/sognfjordane for oppdatert informasjon om årets O-løp.
NÆR O-LØP NORDFJORD 2011.
Start frå kl.18.00 på alle Nær O-løpa. Nærmare informasjon om kvar startstaden til kvart enkelt løp er, kjem etterkvart som dette vert bestemt.
April: 28. Veten(kort)
Mai: 5. Markane(sprint)
19. Eid(lang)
Juni: 9. Veten (lagsmeisterskap)
16. Markane(kort)
23. Von(langt til start)
Aug: 11. Eid(sprint)
18. Veten(lang)
25. Markane(lagsmeisterskap)
Andre orienteringsløp:
11.mai: KM-sprint, Hafslo
21.mai: K-løp, IL Veten
25.mai: K-løp Rotekoppen, Breim
5.juni: KM-ultra, Sogndal IL
18.juni: Førdebodstikka-KM stafett, Førde IL
19.juni: Sunnfjordorienteringa- KM lang, Førde IL
20.august: KM-mellom, Markane IL
27.august: DM-individuelt, Haugesund
31.august: K-løp langdistanse "Haustbløyta", IL Tambarskjelvar
7.oktober: KM-natt, langdistanse. Arrangør: Fjellhug/Vereide
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.