Kategori
Arkiv
Junior NM i Drangedal:
Postet av Markane IL den 3. Mar 2011
NM-gull til Johannes Thingnes Bø!
Same dag som Tarjei Bø tok sitt første VM gull, følgde Johannes Thingnes Bø opp med suverent NM gull på normaldistansen i junior-NM. Johannes var heile 2 minutt 41 sekund føre andremann Bendik Aketun frå Fyrresdal. På tredjeplass 4 min 13 sekund bak følgde Haakon Fossum Holden. Både Johannes og Bendik hadde tre strafferundar på dagens løp. Noko som seier alt om Johannes sin suverene fart i sporet.
Det var også fleire av løparane frå Markane Il som hadde ein god dag i Drangedal. Runar Netland kom på ein flott 10.plass.
I klassa for menn 17 år vart Johan Eirik Meland nummer 6. Han var 1 min 34 sekund etter vinnaren etter å ha fått fire strafferundar. Vinnar av klassa vart Håkon Livik frå Meråker.
Samtlege resultat frå dagens normaldistanse i junior NM finn du her.
Gratulerer som norgesmeister Johannes!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.