Barneidrettsskulen:

Postet av Markane IL den 16. Feb 2011

Skitur til Spjelkebu 15. februar

På veg til Spjelkebu. Foto: Margunn HjelmesetFull fart i løypa. Foto: Margunn Hjelmeset

 

Barneidrettsskulen hadde denne veka skitur på programmet – skitur med hovudlykt. Og når det attpåtil var måneskin ute, vart dette ein superfin kveldstur!

Ein flott gjeng møtte fram på skisenteret, og vi gjekk ut til enden av lysløypa. Etter ei lita, men nødvendig drikke og sjokoladepause, gjekk turen opp til Tverrfjellet og vidare til Spjelkebu. På Spjelkebu nytta vi høvet til å få eit nytt klipp på klippekortet til skiposten.

Frå Spjelkebu var det naturlegvis ”fystemann nedigjen”….og jammen var det nokon som vann denne gongen og…!

Fleire foto frå skituren finn du under....

Skiposten er funnen!!

Skiposten er funnen!!

Full fart i løypa!

Full fart i skiløypa!

Moro å leike i snøen.

Moro med leik i snøen!

Store og små kosar seg i skisporet!

Både store og små kosa seg på skitur.


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.