Ungdoms-OL i Liberec:

Postet av Markane IL den 16. Feb 2011

OL-sølv til Johannes Thingnes Bø

-trass fall og stavbrot!

Johannes Thingnes Bø (t.v) tok sølv i ungdoms-OL. Her saman med vinnar Matthias Dorfer og bronsevinnar Roman Rees frå Tyskland. Foto: Strafferunden.no

Johannes Thingnes Bø stod for nok ein strålande skiskyttarprestasjon då han tok sølvmedalje på normaldistansen under ungdoms OL i Librec.

Løpet var ikkje utan dramatikk. Under dei vanskelege skyteforholda pådrog Johannes seg fem strafferundar på dei fire skytingane. Og då ein italiensk løpar skulle passerast i sporet førte dette til eit fall og eit stavbrot. Sjølv om Johannes måtte gå omlag 200 meter med ein stav, tapte han ikkje så mykje tid på fallet og kom i mål til ein fantastisk sølvmedalje. Vinnar av løpet vart Matthias Dorfer, Tyskland som var 1 min 20 sekund føre Johannes i mål. Roman Rees, Tyskland, tok bronse.

Vi gratulerer med sølvet!


Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.