Kategori
Arkiv
Handlekveldar hjå Ytre-Eide Sport A/S sesongen 2010/2011
Postet av Markane IL den 22. Nov 2010
Det vert også i år handlekveldar for idrettslagsmedlemmer hjå Ytre-Eide Sport A/S.
Dei aktuelle datoane er torsdag 25.11 og torsdag 02.12.2010.
Begge kveldar vert det mellom kl.18.00 og 21.00 i butikken i Tonningsgt. 32.
Det vert gjeve 20% rabatt på alt skiutstyr, medan rabatten på konkurranseutstyr vil variere alt etter kva type utstyr som vert valgt.
Desse kveldane vert det tilgong på det meste når det gjeld vinterutstyr innan langrenn, alpint og telemark.
Den 25.11 vil Fischer sin representant vere i butikken og hjelpe til med spørsmål når det gjeld Fischer sine produkt. Det vert også høve til å leggje inn bestilling på spesielt utstyr om nokon ynskjer det.
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.